Bedriftsetablering - hoppid.no

Bedriftsetablering - hoppid.no

Drøymer du om å starte eiga bedrift eller har du allereie ei bedrift som du ønsker å vidareutvikle? Ålesund kommune sitt Hoppid-kontor hjelper deg gjerne med å utvikle ideen din! 

Om hoppid.no

hoppid.no er Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane sitt tilbod til gründarar. I samarbeidet inngår også Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Målet er å skape nye og levedyktige bedrifter, mangfald i arbeidslivet og auka verdiskaping og å styrke Møre og Romsdal som gründerfylke. 

Hoppid-kontoret i Ålesund kommune tilbyr førstelinje-hjelp for etablerarar og gründarar, og om du har ein ide om å starte eiga bedrift kan vi hjelpe deg dei første stega på vegen.  
Hos oss kan du få gratis råd og rettleiing, tilbod om kurs og opplæring samt informasjon om tilskotsordningar. Vi kan óg yte hjelp i søkeprosessar og til nettverksbygging.  
Dette vil du få vite meir om i samtale med ein av våre hoppid-kontakter/rådgivarar. 

Her finn du oversikt over når det er sett opp hoppid.no kurs 
(Kurset er digitalt og gratis)

Næringsfagleg vurdering 

Dersom du mottar dagpengar eller arbeidsavklaringspengar og ønsker å etablere eiga verksemd, kan du søke om å beholde ytelsen under etablering.

Næringsfagleg vurdering kostar 1 500,-.

Her finn du meir informasjon om dagpengar under etablering

Kvar finn du oss? 

Du kan treffe våre hoppid-kontakter i rådhuset i Ålesund og i innbyggartorga elles i kommunen.  For å avtale tid for ein uforpliktande samtale, ta kontakt med Charlotte Rongved Østrem på telefon 906 06 654 eller send ein e-post til hoppidalesund@alesund.kommune.no 

Nyttige lenker

  • ÅKP Startup & Scaleup
    Rådgiving, finansiering og tilrettelegging for gründerar og vekstbedrifter.
  • Innovasjon Norge
    Innovasjon Norge skal bidra til vekst i norsk næringsliv gjennom kapital og kompetanse.
  • Altinn
    Nyttig informasjon om å starte og drive verksemd i Norge.

Viktige samarbeidspartnarar

Til toppen