Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Vi anbefaler samtidig til bruk av munnbind klarer du ikkje halde meteren og maks 10 i eigen heim. Vi har samla alt du treng å vite om koronasituasjonen i kommunen vår. På samlesida finn du oppdaterte smittetal, korleis du bestiller koronatest og påmelding til vaksinering.

Alt om korona | Information about corona in other languages

Landbruk og skogbruk

Landbruk og skogbruk

Landbrukskontoret held til i Brattvåg. Dei arbeider med mellom anna landbruk, skogbruk og viltforvaltning.

Kort fortalt

  • Landbrukskontoret sine oppgåver er forvaltning knytt til særlovene i landbruket, som jordlova og konsesjonslova.
  • Vi har forvaltning av tilskotsordningane innan jord- og skogbruk.
  • Landbrukskontoret har også ansvar innan område som omfattar miljø, viltforvaltning og ulike tiltak innan skogbruk, samt bygdeutviklingssaker.

Kva gjer landbrukskontoret?

  • Vi behandlar og avgjer søknader om tilskot innan jord- og skogbruk. Klageinnstans er statsforvaltar.
  • Vi behandlar saker innan deling og konsesjon og legg det fram for politisk behandling når det er nødvendig. Klageinnstans er statsforvaltar.
  • Eksempel på tilskot: produksjonstilskot, refusjon av utgifter ved sjukdom, spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), tilskot til landbruksveg, tilskot til rydding av skog.

Kven kan få hjelp?

Vi hjelper alle produsentar innan jordbruket og grunneigarar av landbrukseigedomar. Elles tilbyr vi rådgiving til publikum generelt.

Nye produsentar: Som ny produsent må du få tildelt produsentnummer. Kontakt landbrukskontoret. Før oppstart av husdyrhald må mattilsynet kontaktast.

Slik går du fram

  • Ta direkte kontakt med landbrukskontoret. Vi held til i Brattvåg, men vi reiser ut på synfaring og til dei lokale innbyggartorga etter behov.
  • Ytterlegare informasjon om tilskot, deling og konsesjon med vidare, finn du på landbruksdirektoratet.no 

Eigedom

Landbruksforvaltninga har eit ansvar innanfor forvaltning av eigedomar som ligg i landbruks- nærings- og friluftsområde (LNF-område) i arealdelen av kommuneplanen.

Vi saksbehandlar saker etter konsesjonslova og jordlova, og gir uttale i alle dispensasjonssaker og plansaker etter plan- og bygningslova.

Oppgåver knytt til eigedom:

Jordbruk

Landbrukskontoret har ansvaret for ei rekke tilskotsordningar og behandling av søknader etter fleire forskrifter.

Vi har og ansvar for å halde prøve/eksamen for yrkesdyrkarbevis innan plantevern og godkjenne yrkesbehovet. Vi skal og godkjenne yrkesbehov for kjøp av handelsgjødsel.

Skogbruk

Skogbrukstenesta skal sikre at skogen sine ressursar blir behandla på ein best mogleg måte for alle partar. Utfordringane ligg i å nytte eksisterande skog og samtidig etablere ny skog for framtida. Skogtenesta omfattar rettleiing, planlegging samt kontrollfunksjonar innan skogbruket.

  • Søknadsprosess:

Søknad om tilskot til skogkultur, vegbygging eller miljøtiltak i skog skal skrivast på skjema utarbeidd av Landbruks- og matdepartementet. Ved søknad om tilskot til drift med taubane, hest mv. eller andre tiltak i skogbruket må du kontakte kommunen for å få informasjon om søknaden.

Viltstell

Landbrukskontoret utfører den kommunale vilttenesta for kommunen. Dette medfører kommunal handsaming av bestandsplanar for hjortevilt, samt generell rettleiing om viltforvaltning.

Andre oppgåver knytt til vilt er:

  • Å avhalde jegerprøveeksamen
  • Å organisere ettersøk av påkøyrt hjort og anna vilt

Skadefelling av grågås

Her kan de som er påført skade av grågås søke kommunen om å skadefelling tidlig på våren.

De må du kunne dokumentere skade på landbrukseigedom av ei viss økonomisk betydning. På enkelte øyer slik som Longva/ Skuløy og Fjørtofta er det praktisert at skadeløyvene gis samla til kvar øy via hjorteviltvalda.

Ta kontakt med landbrukskontoret slik at skaden kan takseres, før det blir gitt skadeløyver. Kontaktinformasjon finn du nedst på sida.

    Landbrukskontoret

    Vi held til i Ålesund kommune sitt tenestehus i Brattvåg.

    Besøksadresse er Strandgata 40, 6270 Brattvåg. Det vil vere mogeleg å avtale gardsbesøk og møte på kommunehuset.

    Kontaktpersonar:

    Nyttige lenker

    Til toppen