Søk om betalingsutsettelse

Søk om betalingsutsettelse

Dersom du ønsker å utsette eller dele opp betaling av kommunale gebyr og eigedomskatt, kan du søke om dette. 

Slik søker du om utsettelse

  1. Logg deg inn på «Mi Side» som du finn på heimesida til Ålesund kommune. Her kan du søke om betalingsutsetting i to månadar. Søknaden må vere sendt før forfall på fakturaen. Dersom du vil delbetale fakturaen, kan du gjere det ved å nytte same KID/kontoopplysningar som du finn på fakturaen din. Hugs å søke om utsetting av betaling FØR du delbetaler for å unngå purring.  
  2. Alternativ kan du ta kontakt med kommunen på e-post eller telefon: E-post: fakturamelding@alesund.kommune.no. Telefon: 70 16 20 00.

Her kan du søke om endra betalingsfrist eller oppdeling av betalinga i inntil to månadar. Søknaden må vere sendt før forfall på fakturaen. 

Vi gjer merksam på at det vil bli rekna forseinkingsrenter på det beløpet som vert betalt etter opphavleg frist. Dette gjeld sjølv om ein har gjort avtale om å få utsette/dele opp betalinga. Rentesatsen er normalt 9,5 % p.a. Denne rentesatsen er mellombels sett til 3 % p.a. for kommunale krav i Ålesund kommune. 

Det gjeld både for kommunale avgifter og eigedomsskatt som vert betalt for seint. Dette betyr at det frå 20. april vert rekna ei forseinkingsrente med ein fast sats på 3 % i staden for satsen som er fastsett i forskrift frå Finansdepartementet. 

Til toppen