Vedtak i kommunestyret 10.11.20

Det skal i 2021 skrivast ut eigedomsskatt på fast eigedom i heile Ålesund kommune, etter utskrivingsalternativ i eigedomsskattelova § 3 a.
Ein overgangsperiode for å samordna eigedomsskatten – i praksis skattesatsane - skal gjelde berre for eigedomsskatteåret 2021 (jf. eigedomsskattelova § 13 tredje leden ellevte og tolvte punktum). 

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Eigedomsskattegrunnlaget/takstar i 2021:

  • Dei kommunale takstane/eigedomsskattegrunnlaga samordnas slik at fast, skattepliktig eigedom i områda Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog har med verknad frå 2021 blitt verdsett etter det verdifastsettingstidspunktet (år 2015) og etter dei takseringsretningslinjer (med mindre justeringar) som har vore nytta for eigedom i området gamle Ålesund.
  • For kategorien bustadar vert Skatteetaten sitt formuegrunnlag nytta som verdifastsettingsmetode. 

Målet er at skattesats for all fast eigedom skal vere 2 promille i 2022. Følgande skattesatsar skal nyttast i 2021:

  • All fast eigedom i gamle Ålesund og Skodje skal ha skattesats 2 promille (uendra frå 2020).
  • Hittil skattlagde eigedomar i Sandøy (jf. eigedomsskattelova § 3 g) skal ha skattesats 2 promille (uendra frå 2020). Dei eigedomar som skattleggast for første gong i Sandøy (energianlegg og næringseigedomar) skal også ha ein sats på 2 promille (jf. eigedomsskattelova § 13 tredje ledd tredje punktum).
  • Fast eigedom i områda Haram og Ørskog skal ha ein sats på 2 promille, med unntak av bebygde bustad- og fritidseigedomar som skal ha 1 promille (jf. § 13 første og andre ledd).
  • Det skal skrivas ut skatt på det særskilte skattegrunnlaget redusert med tre sjudelar i 2021. Dette gjeld berre for gamle Ålesund kommune (overgangsregel til §§ 3 og 4 første ledd første pkt).
  • Eigedomsskatten skal betalast i to terminar i 2021, og vil bli belasta med ein halvpart kvar høvesvis på termin 3 og 4. Kommunale avgifter skal betalast i 4 terminar. 

Fritak

I følgje eigedomsskattelova § 7. kan kommunestyret frita mellom anna desse eigedomane heilt eller delvis:

  • §7a) Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten.
  • §7b) Bygning som har historisk verde.

Det vert lagt til grunn at kommunestyret ynskjer å vidareføre fritak etter eigedomsskattelovas §7a og b). Det vert lagt fram eigen sak for kommunestyret om dette.

  • §7c) Bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære. Fritaket kan gjelda i opptil 20 år frå den tida bygningen var ferdig. Formannskapet eller utval som nemnt i kommunelovens §5-7, kan få fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.

Det vert lagt til grunn at kommunestyret vidarefører at fritak etter §7c skal gjelde i 2 år frå den tida bygningen vart ferdig, slik det vart praktisert i tidlegare Ålesund kommune. Fritak i 2021 gjeld for nye bustadar som er tatt i bruk i 2019 og 2020.