Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Eigedomsskatt

Spørsmål og svar om eigedomsskatt - Tidlegare Sandøy kommune

Generelt

Kva er eigedomsskatt?

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som den enkelte kommune kan skrive ut med heimel i Eiendomsskatteloven. Det er ein skatt på eigedommen, uavhengig av kven som eig denne. Kvar enkelt kommune avgjer sjølv om det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen.

Eigedomsskatt er den einaste skatten som i si heilheit går til kommunen, og som kommunen sjølv har full styring med.

Kvifor er det eigedomsskatt i Sandøy kommune?

Kommunestyret har bestemt at det skal skrivast ut eigedomsskatt frå og med 2016.

Kva er skattetaksten?

Kommunestyret har bestemt at eigedomsskatten for 2020 er 2 ‰ (promille) av taksten på eigedommen, og at bustader skal takserast med utgangspunkt i formuesgrunnlaget, jf. eiendomsskattelovens § 8 C-1.

Når blir det innført eigedomsskatt?

Eigedomsskatt er innført frå 2016.

Kva eigedommar blir ilagt eiendomsskatt?

Bustadeigedommar, fritidseigedommar, våningshus på gardsbruk og naust som ikkje blir nytta til næringsformål.

Kva skal ikkje ileggast eigedomsskatt?

Næringseigedom, verk og bruk.

Kor vanleg er eigedomsskatt i Norge?

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at av 371 av 422 kommunar i Norge har innført eigedomsskatt.

Kvar kan eg få meir informasjon om eigedomsskatt?

Det er generell informasjon på Skatteetaten sine nettsider, www.skatteetaten.no.

Begrep

Kva er formuesgrunnlaget?

Formuesgrunnlaget (verdi på bustad) er fastsett av Skatteetaten og tar sikte på å gi utrykk for eigedommen sin antatte marknadsverdi på tidspunktet for verdisettinga. I 2020 brukar ein verdiar frå 2018. Det vil seie bustadverdien per 31. desember 2018.

Formuesgrunnlaget  er likningsverdi * 4, eller;

Likningsverdien utgjer 25 prosent av bustadverdien for primærbustad.

Formuesgrunnlaget baserer seg på årlig utrekna kvm-satsar frå Statistisk sentralbyrå, der det blir tatt hensyn til type bustad (einebustad, leilegheit, småhus), opprinneleg byggeår, areal på bustaden (primærrom), beliggenhet og marknadsprisar i området.

Kva er skattegrunnlaget?

Skattegrunnlaget tar utgangspunkt i eigedommen sitt formuesgrunnlag. Grunnlaget for berekning av eigedomsskatt blir sett til 70 % av bustadverdien frå Skatteetaten.

Skattegrunnlaget blir dermed formuesgrunnlag * 0,7

Kva er likningsverdi?

Likningsverdien på bustaden din er basert på bustadsopplysningane til Skatteetaten. Likningsverdien som blir lagt til grunn for berekning av eigedomsskatt i 2020 finn du på sjølvmeldinga for inntektsåret 2018. Om likningsverdi på Skatteetaten.no.

Kva er primærbustad?

I utgangspunktet er det den bustaden der eigar har folkeregistrert adresse ved utgangen av året som blir rekna som primærbustad. Det er ikkje mogleg å ha meir enn éin primærbustad ved formueslikninga.

Kva er sekundærbustad?

Sekundærbustad er bustad (ikkje fritidsbustad) ein eig men ikkje bur i sjølv. Dette gjeld mellom anna pendlerbustad, utleigebustad og heilårsbustad som blir brukt som fritidsbustad.

Kva er P-ROM ?

Med P-rom meiner ein rom som kan definerast som opphaldsrom i bustaden din. Alle P-rom må vere tilgjengelege via dør eller trapp.

Kva er en sjablongverdi (kvm-pris)?

Sjablongverdien bygger på ulike faktorar som: omsetningstal for bygningar, nivå på husleige og gjenskaffelsesverdiar. Til saman dannar dette ein kvadratmeterpris. Ein sjablongverdi er vurdert og fastsett av ei sakkyndig nemnd. Kvar av dei enkelte eigedomsgruppene som einebustad, leilegheit, småhus, fritidsbygg, våningshus, naust etc, har ein eigen sjablongverdi.

Kva er BID og kvar kan eg finne det?

BID er eit unikt bygningsnummer for eit bygg registrert i Matrikkelen, det nasjonale eigedomsregisteret. Alle bygningar har eit eige bygningsnummer.

På www.seeiendom.no kan du sjå alle bygningsnummera i heile Norge.

Utrekning av eigedomsskatt

Korleis blir eigedomsskatten utrekna  i 2020?

For bustader der det ligg føre likningsverdi frå Skatteetaten, vil denne bli lagt til grunn ved berekning av grunnlaget for eigedomsskatten. I 2020 brukar ein likningsverdien som står i skattemeldinga for inntektsåret 2018.

Der kommunen ikkje har mottatt bustadverdi frå Skatteetaten er det gjort kommunal taksering.

Korleis blir skatten utrekna med likningsverdi frå Skatteetaten?

Dersom bustaden er primærbustaden sin vil likningsverdien i skattemeldinga vere 25 % av verdien på bustaden. Grunnlaget for utrekning av eigedomsskatt blir sett til 70 % av bustadverdien frå Skatteetaten. Eigedomsskatten for 2020 er 2 promille av taksten på eigedommen.

Eksempel:

Likningsverdi                          500 000 kroner x 4                 = 2 mill. kroner (formuesgrunnlag)

Reduksjon til 70 %                 2 mill * 0,7                               = 1,4 mill. kroner (skattegrunnlag)

Eigedomsskatt                       2‰ av skattegrunnlaget         = 2800 kroner

Korleis blir eigedomsskatt sett av kommunen utrekna?

Ei sakkyndig nemnd er oppnemnt av kommunestyret og har vedtatt nærmare retningsliner for taksering, og fastset deretter eigedomsverdien som vil ligge til grunn for utskriving av eigedomsskatt. Eigedomsskatten for 2020 er 2 promille av taksten på eigedommen.

Kommunen har hatt synfaring på eigedommar og fastsett ein vurderingsfaktor (BF) på eigedommen frå 1 til 10, der 10 representerer standard og kvalitet på ei ny bygning.

Berekna skattegrunnlag blir: Areal av P-ROM * kvm-pris * BF * KF

Kvm – pris.     -           Sjablongverdi som blir korrigenrt ut frå standard og kvalitet.

BF                   -          Vurderingsfaktor som beskriv  standard og kvalitet på bygninga.

blir sett til 0,8 for konsesjonsbelagte landbrukseigedommar og til 1 for øvrige.                                   

Eksempel

Naust på 50m2. For naust er kvm pris 5000 kr. Vurderingsfaktorern (BF) er sett til 0,7. KF = 1.

Skattegrunnlag:          50m2 * 5000 * 0,7 * 1                        = 175 000 kr

Eigedomsskatt:          2‰ av skattegrunnlaget                    = 350 kr

Betaling

Når får eg vite kva eg skal betale i eigedomsskatt?

Faktura for eigedomsskatt for 2020 blir sendt ut i fire terminar saman med kommunale avgifter.

Vi er fleire eigarar av ei bygning, kven får rekninga?

Kommunen har innhenta navnelister frå matrikkelen der alle eigarar står oppført. Den personen som står først på lista, vil få fakturaen. Det blir berre sendt ut éin faktura for kvar bygning, sjølv om det er fleire registrerte andelseigarar.

Klager

Opplysningane i likninga er feil, kva gjer eg?

Dette må du ta direkte med Skatteetaten. Klage på likninga kan gjerast elektronisk via Skatteetaten og Altinn.

Kan eg få utført eigen takst og kreve at den skal brukast?

For eigedommar med formuesgrunnlag frå Skatteetaten kan du bruke eigen takst som grunnlag for ei klage til Skatteetaten på likningsverdien. Først må du sjekke om det faktisk er grunnlag for å klage på likningsverdien. Informasjon om dette finn du på Skatteetaten sine nettsider.

Kva er klagefristen?

Klagefristen på vedtak om eigedomsskatt er 6 veker etter at eigedomsskattelista er lagt ut til offentleg ettersyn eller at skatteseddelen er sendt ut .

Kvar klagar eg om grunnlaget for utskrivinga av eigedomsskatten er feil?

Klage på likningsverdi frå Skattetaten

Dersom du meiner at eigedomsskatten er uriktig utrekna på grunn av feil ved likningsverdien i skattemeldinga, må klaga rettast til Skatteetaten.

  • Du kan melde inn endringar av boustadopplysningane, dvs arealet av primærrom, byggeår og boligtype
  • Du kan kreve å få sett ned likningsverdien (og dermed også formuesgrunnlaget) dersom likningsverdien dokumentert utgjer meir enn 30% av marknadsverdi for primærbustader og 60% av marknadsverdi for sekundærbustader.

Eksempel:

Skatteetaten sin bustadverdi for bustaden du eig og bur i er 2 millionar kroner, men du kan dokumentere at markadsverdien er 1,4 millioner kroner.

Likningsverdi er 500 000 kr

Likningsverdi i prosent av dokumentert marknadsverdi:

500 000 / 1 400 000 * 100 = 35,7 prosent.

Dermed kan du klage sidan likningsverdien for primærbustaden din overstig 30 prosent av marknadsverdien.

Dokumentert marknadsverdi kan for eksempel vere takst utført av godkjent takstmann.

Klagefristen er tre veker etter utlegging av skattelista. Klager kommande år skal sendast elektronisk til Skatteetaten via innlogging til Skatteetaten og Altinn. Om du meiner at fastsett bustadverdi er feil (faktafeil) skal du kontakte Skatteetaten. Klage på takst kan sendast til

Skatt Midt-Norge Ålesund
Postboks 2060, 6402 Molde

 

Klage på takst sett av kommunen eller søknad om fritak

Eigar, festar eller rekningsmottakar kan klage på taksten som utgjer grunnlag for skatt.

Skriftleg klage må sendast innan seks veker frå takstane blei lagt ut til offentleg ettersyn.

Klagen bør innehalde ei nærmare grunngjeving for kvifor du meiner at taksten er feil. Klagen må vere signert.

Signert klage kan sendast elektronisk til postmottak@alesund.kommune.no

eller sendast per post til:

Ålesund kommune
Postboks 1521, 6025 Ålesund

 

Fritak og nedsetting

Kva er fritatt for eigedomsskatt?

Nokre eiendommer er fritatt for eiendomsskatt etter Eiendomsskattelovens §5. I fritaket inngår også kommunale- og de fleste statlige eiendommer.

Kommunestyret har vedtatt at nye bustader får fritak første år etter ferdigstilling. Bustader som blei ferdigstilte i 2018 vil vere fritatt for eigedomsskatt i 2019, men vil få eigedomsskatt i 2020.

Eigarar av eigedommar som ikkje står oppførte i fritakslista, og som meiner seg berettiga til fritak etter Eiendomsskatteloven § 7 a, b, eller c, kan søke kommunen. Søknaden må fremmast før 1. mai og det må visast til om fritaket gjeld paragraf a, b eller c. Søknaden blir behandla av kommunestyret.

Kan eg søke om nedsetting av eigedomsskatt?

Personar som på grunn av ein varig situasjon med sjukdom, invaliditet, rusproblematikk eller liknande årsaker har problem med å betale skatten sin kan søke om nedsetting. 

Det blir vist til eiendomsskatteloven § 28 gir hjemmel for å søke om nedsetting eller ettergiving av utlikna eigedomsskatt, til dømes for minstepensjonistar og andre med inntekt mindre enn 2G (grunnbeløpet i folketrygda).

Endeleg vedtak på søknaden blir gjort av formannskapet.

Søknad om nedsetting kan sendast til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund. Du kan også sende elektronisk til postmottak@alesund.kommune.no

Søk om nedsetting av eigedomsskatt (PDF, 180 kB)

Kan eg unnlate å betale dersom eg klagar og meiner skatteutrekninga er feil?

Du må betale kravet ved forfall sjølv om du har klaga. Ved medhald i klagen, vil beløpet bli tilbakeført til deg.

Eg eig ikkje bustaden, men legier – skal eg betale skatten?

Rekningen blir sendt til den som er oppført som eigar av bustaden. Om dette påvirkar husleiga er avhengig av kva som går fram av leigekontrakten som er inngått mellom eigaren og leigetakaren.

Andre spørsmål

Eg eig ei ubebygd tomt, må eg betale eigedomsskatt?

-Nei.

Er det innført botnfrådrag i Sandøy kommune?

-Nei.

Til toppen