Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Eigedomsskatt

Om eigedomsskatt - tidlegare Skodje

Kommunestyret har vedteke at skattesatsen for 2020 skal vere 2 promille (dvs. inga endring frå 2019). Eigedomsskatten vert fakturert i 4 terminar i året. Frist for å klage på eigedomsskatten er 15.april 2020. Brev med informasjon om takst og skatt vert sendt ut til alle skattytarar. Skattelister med informasjon om takst og skatt for alle skattepliktige eigedomar vert lagt ut til offentleg ettersyn på rådhuset fram til 27.mars 2020.

Bustader med bustadverdi frå Skatteetaten (formuegrunnlag) 

Kommunestyret har med heimel i eigedomskattelova § 8 C-1 vedteke at bustadverdien frå Skattetaten (også kalla formuegrunnlag i eigedomsskattelova) skal nyttast som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten for bustader. Det inneber at det for desse eigedomane ikkje er nødvendig å gjennomføre synfaring eller taksering.

NB: Bustadverdien frå Skattetaten er ikkje det same som likningsverdien som står i sjølvmeldinga.

Bustadverdien er eit anslag på marknadsverdien til bustaden, og vert rekna ut frå areal, byggeår, type bustad, kvar eigedomen ligg, og opplysningar om omsette bustader i kommunen.

Utrekning av eigedomsskatt

Likningsverdien for ein primærbustad utgjer normalt om lag 25 % av bustadverdien som Skatteetaten har fastsett. (Ein primærbustad er ein bustad ein eig og bur i sjølv.) For å finne bustadverdien må ein altså gange likningsverdien med 4 (sjå eksempel under).
For eigedomsskatteåret 2020 er det bustadverdiar for 2018 som skal nyttast. Kommunen får desse oversendt frå Skatteetaten.
Ved utrekning av eigedomsskatten skal bustadverdien reduserast med ein såkalt reduksjonsfaktor. Denne faktoren er fastsett av Finansdepartementet til 0,7 for 2020.
Kommunestyret avgjer nivået på eigedomsskatten. Satsen kan variere mellom 1 og 7 promille (altså 0,1 - 0,7 %) av skattegrunnlaget. For skatteåret 2020 er skattesatsen 2 promille i Skodje kommune.

Kommunestyret har vedteke at det i 2020 ikkje skal vere botnfrådrag ved utrekning av eigedomsskatten.

Eksempel på utrekning av eigedomsskatt for eigedom som har fått bustadverdi frå Skatteetaten:
Likningsverdi i sjølvmeldinga for 2018: 600 000
Bustadverdi: 600 000 x 4 = 2 400 000
Reduksjonsfaktor: 2 400 000 x 0,7 = 1 680 000 (skattegrunnlag)
Eigedomsskatt: 1 680 000 x 0,002

Meir informasjon finn du på www.skatteetaten.no/bolig

Klage på eigedomsskatten

I følgje eigedomsskattelova § 19 , kan skattytar klage på den utskrivne eigedomsskatten. Klagen må framsetjast skriftleg innan 6 veker frå den dagen eigedomsskattelista vert utlagd.

Framgangsmåten for klage er ulik for ulike typar eigdom: For eigedomar der skatten er utrekna på grunnlag av bustadverdi (formuegrunnlag), skal eventuell klage rettast til Skatteetaten.

For andre eigedomar skal eventuell klage rettast til Ålesund kommune.

Fakturaen skal betalast sjølv om du har klaga på eigedomsskatten. Dersom du får medhald i klagen, vil du få tilbakebetalt det du eventuelt har betalt for mykje.

Klage på bustadopplysningar eller bustadverdi frå Skatteetaten

Dersom eigedomen er oppført med eigedomstype "Formuesgrunnlag Bolig" på skattesetelen, skal eventuelle klager rettast til Skatteetaten.

Dersom du meiner at bustadverdien frå Skatteetaten er feil, må du først kontrollere opplysningane som Skatteetaten har om bustaden (areal, byggeår, bustadtype). Desse opplysningane finn du under "Grunnlag for likningsverdi" på side 2 i sjølvmeldinga for 2018. Likningsverdien utgjer 25 % av bustadverdien for primærbustad.

Dersom areal, byggeår eller bustadtype er feil, kan du sende ein klage til Skatteetaten.

Dersom bustadopplysningane (areal, byggeår etc.) er korrekte, men du meiner at bustadverdien er feil, kan du klage på bustadverdien. Meir informasjon om dette på Skatteetaten sine nettsider.

Klager som gjeld eigedomar som ikkje har bustadverdi frå Skatteetaten

Dersom eigedomen er oppført med ein annan eigedomstype enn "Formuesgrunnlag Bolig" på skattesetelen, skal eventuell klage rettast til Ålesund kommune.

Klagen skal vere skriftleg, og skal innehalde ei grunngjeving for kvifor du meiner at den fastsette taksten er feil.

Klagen skal sendast til

Ålesund kommune
Postboks 1521
6025 Ålesund

eller på e-post til postmottak@alesund.kommune.no

Husk å oppgi gards- og bruksnummeret til eigedomen. Alle klager vil bli behandla etter at klagefristen er ute.

Fritak og nedsetting

Kva er fritatt for eigedomsskatt?

Nokre eiendommer er fritatt for eiendomsskatt etter Eiendomsskattelovens §5. I fritaket inngår også kommunale- og de fleste statlige eiendommer.

Kommunestyret har vedtatt at nye bustader får fritak første år etter ferdigstilling. Bustader som blei ferdigstilte i 2018 vil vere fritatt for eigedomsskatt i 2019, men vil få eigedomsskatt i 2020.

Eigarar av eigedommar som ikkje står oppførte i fritakslista, og som meiner seg berettiga til fritak etter Eiendomsskatteloven § 7 a, b, eller c, kan søke kommunen. Søknaden må fremmast før 1. mai og det må visast til om fritaket gjeld paragraf a, b eller c. Søknaden blir behandla av kommunestyret.

Kan eg søke om nedsetting av eigedomsskatt?

Personar som på grunn av ein varig situasjon med sjukdom, invaliditet, rusproblematikk eller liknande årsaker har problem med å betale skatten sin kan søke om nedsetting. 

Det blir vist til eiendomsskatteloven § 28 gir hjemmel for å søke om nedsetting eller ettergiving av utlikna eigedomsskatt, til dømes for minstepensjonistar og andre med inntekt mindre enn 2G (grunnbeløpet i folketrygda).

Endeleg vedtak på søknaden blir gjort av formannskapet.

Søknad om nedsetting kan sendast til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund. Du kan også sende elektronisk til postmottak@alesund.kommune.no

Søk om nedsetting av eigedomsskatt (PDF, 180 kB)

Til toppen