Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Eigedomsskatt

Eigedomsskatt

Kommunestyret har vedteke at skattesatsen for 2020 skal vere 2 promille (inga endring frå 2019). Eigedomsskatten vert i år fakturert i 3 terminar, med forfall 20. juni, 20. september og 20. november. Totalbeløpet du skal betale i år er likt fordelt på alle 3 terminane. Frist for å klage på eigedomsskatten var15. april 2020.

Kva er eigedomsskatt?

Eigedomsskatt er ein skatt som kommunen sjølv krever inn og bestemmer over. Inntekta vert brukt til å betale for kommunale tenester, som for eksempel skular og sjukeheimar. 

Frå 1. januar 2020 vart Sandøy, Skodje, Ørskog, Haram og Ålesund éi kommune.
Ut 2020 er det berre tidligare Sandøy, Skodje og Ålesund som har eigedomsskatt. Sjå kva som gjeld din kommunedel: 

Frå 2021 blir det innført eigedomsskatt i heile den nye kommunen. Administrasjonen arbeider med no med grunnlaget for utskriving av eigedomsskatt også i dei kommunedelane, som ikkje hadde eigedomsskatt før kommunesamanslåing.

Til deg som betalar eigedomsskatt

Skattesetel med informasjon om takst og skatt vert sendt ut til alle skatteytarar. Skattesetelene vart sendt ut i februar/mars. På denne finn du informasjon om bygningane på eigedomen, kva du skal betale i eigedomsskatt og informasjon om klagefrist og kvar du skal sende klagen. 

For bustadeigedomar brukar vi bustadverdien frå Skatteetaten (dette er informasjon du finn på din skattesetel) for å rekne ut eigedomskatten. Øvrige eigedomar må takserast. Dette er til dømes fritidseigedomar som hytter og naust, inkludert våningshus, og næringseigedomar.

  • Skattelister med informasjon om takst og skatt for alle skattepliktige eigedomar vert også lagt ut til offentleg ettersyn på rådhuset fram til 27.mars 2020.

Dette betalar du eigedomsskatt for

Vi gjer merksam på at det er primærarealet som vert nytta ved utrekning av eigedomsskatten for bustader og fritidseigedomar.

Primær areal (P-ROM) er alt som kan definerast som opphaldsrom i bustaden, til dømes stove, kjøkken, soverom, bad, vaskerom og entré. Garasje, buer etc. blir ikkje rekna med. P-ROM blir nytta for å finne formuesverdien for bustaden. Det er dette arealet som blir nytta i samband med utrekning av eigedomsskatt. Ein kan finne nærare informasjon om dette på Skatteetaten sine nettsider.

Taksering av eigedom

Ingen eigedomar i tidlegare Ørskog og Haram har hatt eigedomsskatt. Sidan vi er ein ny kommune, har vi ikkje tatt stilling til kva eigedomar som skal ha eigedomsskatt frå 2021. Kommunestyret skal seinare i år gjere vedtak om kva eigedomar kommunen skal skrive ut eigedomsskatt på. Alternativa er lista opp i eigedomsskattelova § 3. Dei skal også vedta promillesats for 2021.

For bustadeigedomar brukar vi bustadverdien frå Skattetaten for å rekne ut skatten. Øvrige eigedomar må takserast. Dette er til dømes fritidseigedomar som hytter og naust, inkludert våningshus, og næringseigedomar. 

I tillegg må ein del eigedomar i Sandøy og Skodje takserast. Nokre for fyrste gong, andre har vore taksert tidlegare. Desse må takserast på nytt, for å tilpasse nye felles rammer og retningsliner for den nye kommunen vår. Ei ny taksering skal i utgangspunktet ikkje føre til store endringar i forhold til grunnlaget i dag, men ein kan ikkje vente at det vert eksakt likt.

Dei som har eigedomar som skal takserast får beskjed om dette i eige brev frå oss. Synfaring av eigedomane vil skje i perioden juni – september.

Klage på eigedomsskatten

Det kjem fram på side to av skattesetelen din kva du skal gjere dersom det er feil i beregningsgrunnlaget, eller om du vil klage.  Skattesetelen fekk du tilsendt i februar/mars. Frist for å klage på eigedomsskatten er 15. april 2020.

Til toppen