Når treng du å søke om skjenkebevilling?
Dersom du ønsker å servere alkoholhaldig drikke i eit lukka selskap eller ved ei bestemt anledning, må du søke kommunen om ambulerande skjenkebevilling, eller skjenkebevilling for enkelthøve.
Du må søke om skjenkebevilling dersom:
- du leiger lokale, tar betalt for alkohol eller om lokalet berre har serveringsbevilling
- du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllaup, jubileum eller interne arrangement i firma
- du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i eit lokale utan skjenkebevilling eller utandørs på eit avgrensa område
Ambulerande skjenkebevilling
Dersom du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllaup, jubileum eller interne arrangement i firma, må du søke om ambulerande skjenkebevilling.
Selskapet kan ikkje vere ope for utanforståande, heller ikkje med påmelding og/eller inngangsbillett. Deltakarane må ha ei eller anna tilknyting til den eller dei som inviterer til selskapet. Arrangementet er ikkje tilgjengeleg for utanforståande, heller ikkje med påmelding.
Vanlege medlemsmøter i ei foreining, klubber og liknande vert normalt ikkje rekna som slutta selskap sjølv om moglegheitene for medlemskap er avgrensa.
Du må søke ambulerande bevilling dersom ei eller fleire av følgande forutsetningar er til stades:
- dersom ein leiger lokale pluss fleire tenester av utleigar (vasking, servering o.l.)
- dersom ein tar betalt for alkohol
- dersom lokalet der festen skal haldast har serveringsbevilling
Søk om skjenkebevilling til lukka arrangement
Skjenkebevilling for enkelthøve
Skjenkebevilling for enkelthøve kan vere eit enkelt ope (offentleg) arrangement som for eksempel konsertar, teater, studentveke, festivalar m.v.
Du må søke skjenkebevilling for enkelthøve dersom gjestane er inviterte for eksempel via annonsar, plakatar eller sosiale media.
Det finst ulike typar skjenkebevilling for enkelthøve:
- Alminneleg bevilling for enkelt ope arrangement 1-6 dagar – blir avgjort administrativt
- Alminneleg bevilling for enkelt ope arrangement utover 6 dagar – blir avgjort politisk
Søk om skjenkebevilling for enkelthøve
Viktig informasjon til arrangørar av større arrangement
Planar, meldeplikt og godkjenning
Ved søknad om skjenking ute, i telt og ved andre større arrangement skal det alltid leggast ved teikning som viser kva areal søknaden omfattar, kvar skjenkinga skal gå føre seg og kva løysing ein har planlagt for sikring av området, vakthald o.l.
For allment tilgjengelege arrangement er det også meldeplikt til politiet, og arrangøren må sjølv, i god tid før arrangementet, ta kontakt med politiet for gjennomgang av opplegget for arrangementet, jf. politivedtektene.
Internkontroll
For opne arrangement av eit visst omfang vil det bli krav at den som har bevillinga har eit internkontrollsystem som sikrar at reglane i alkohollova blir overhaldne og at alle som er involvert i skjenkinga i samband med arrangementet er tilstrekkeleg informert om gjeldande reglar.
Nærare informasjon om kva internkontrollsystemet bør innehalde finn du i Guide til god internkontroll etter alkoholloven (Helsedirektoratet).
Sikkerheit ved større arrangement
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har utarbeidd ei rettleiing for sikkerheit ved store arrangement . Denne inneheld gode råd for sikker avvikling av arrangement og kan lastast ned frå direktoratet si heimeside ved å klikke på linken ovanfor.
Kva krav må du oppfylle?
- Bevillingssøkar må ha fylt 20 år.
- Ein person skal stå som ansvarleg for skjenkinga. Skjenkeansvarleg må ha fylt 20 år.
Kva kostar det?
Gebyret skal dekke kommunen sine kostnadar til sakshandsaming og kontroll. Du får derfor normalt ikkje tilbakebetalt eller ettergitt gebyr for arrangement som ikkje blir gjennomført.
Bevilling for enkelthøve
Bevillingsgebyret blir fastsett for eitt år av gangen for kvar enkelt bevilling, på grunnlag av omsett mengde alkoholhaldig drikk.
Bevillingsgebyret utgjer per år minimum 5800 kroner for stadar med skjenkebevilling. Dette gjeld også skjenkebevilling for enkeltanledningar/enkeltarrangement.
Faktura vert normalt sendt ut mot slutten av året.
Satsane for bevillingsgebyret finn du i alkoholforskrifta §6.
Gebyret er fastsett som eit fast kronebeløp per liter og vil dermed auke med aukande omsetning.
Bevillingsgebyret utgjør pr. år minimum kr 1850 for sal og kr 5800 for skjenking. Bevillingsmyndigheten kan likevel i særlige tilfelle bestem at gebyret skal settast lavere. For ambulerende bevilling kan bevillingsmyndigheten kreve et gebyr på inntil kr 420 pr. gang
Seinast 14 dagar etter arrangementet må du sende ei omsetningsoppgave til kommunen der du oppgir kor mykje alkohol som er omsett.
Send inn omsetningsoppgåve for skjenke- og salsbevilling (digitalt skjema).
Ambulerande bevilling
Gebyrsatsen for lukka og private arrangement er for tida 420 kroner. Faktura vert sendt ut samstundes med vedtaket.
Kor lang tid tar det å få svar?
For lukka arrangement som bryllaup, jubileum og interne arrangement i firma, er behandlingstida to veke frå søknaden er mottatt.
For opne arrangement er behandlingstida fire veker frå søknaden er mottatt. Ved større arrangement kan behandlingstida bli lenger.
Vi må innhente uttale frå politiet for dei som søker om opne arrangement, og politiet har tre veke behandlingstid.
Pass på at søknaden din inneheld gode opplysningar om staden og kva slags arrangement dette er.