Sal av tobakk

Sal av tobakk

Frå 1. januar 2018 skal alle salsstader og grossistar for tobakksvarer og tobakkssurrogat vere registrert i Tobakkssalsregisteret for å kunne selje tobakk og tobakkssurrogat (til dømes e-sigarettar), og betale ei årleg tilsynsavgift til kommunen.

Registrering og avregistrering i tobakkssalsregisteret

  • Alle som sel tobakksvarer må registrere seg i tobakkssalsregisteret hos Helsedirektoratet. Det gjeld også dei som sel e-sigarettar, refillhylser, urte-baserte røykeprodukt og andre tobakkssurrogat.
  • Salsstaden har sjølv ansvar for å oppdatere opplysningane i registeret.
  • Dersom salsstaden skal slutte å selje tobakksvarer, må ein avregistrere seg i tobakkssalsregisteret. Dette gjeld også midlertidige salsstader.

Les meir om korleis du registrerer og avregistrerer tobakkssal hos Helsedirektoratet.

Internkontroll for stader som sel tobakk

Alle salsstader for tobakk må ha eit internkontrollsystem, som skal kunne visast fram på kvart tilsynsbesøk. Internkontrollen skal gi dei tilsette tilstrekkeleg kunnskap om regelverket, og medverke til forsvarleg drift. Det er spesielt viktig å ha rutinar for å forebygge sal av tobakksvarer og e-sigarettar til mindreårige. Det er også viktig å følge opp og forbetre rutinar og tiltak som ikkje verkar.

Internkontrollen inneber at dei ansvarlege på salsstaden skal:

  • ha oversikt over lovverket 
  • gi dei tilsette opplæring i regelverket og eigne rutinar på salsstaden
  • ha oversikt over korleis oppgåver og ansvar er fordelt
  • kartlegge utfordringar (ROS-analyse)
  • ha rutinar for å sikre at regelverket vert halde
  • ha rutinar for å forebygge, avdekke og rette opp avvik
  • gjennomgå internkontrollen regelmessig

Eksempel på ein internkontroll som kan lastast ned og fyllast ut (ODT)
Eksempel på ein internkontroll som kan lastast ned og fyllast ut  (PDF)

Les meir om internkontroll på salsstader for tobakk her

Tilsyn av tobakkssal

Kommunen vil gjennomføre tilsyn av alle stader som sel tobakksvarer til forbrukar.

Tobakk-tilsynet vil bli utført av kommunens sals- og skjenkekontrollørar og etter regelverket i tobakksskadelova:

  • opplysningane i tobakkssalsregisteret stemmer med opplysningane på salsstaden
  • tobakksvarer ikkje vert seld til personar under 18 år
  • det ikkje vert reklamert for tobakksvarer
  • tobakksvarer og tobakksutstyr ikkje er synleg oppstilt (gjeld ikkje for spesialforretningar)
  • tobakksvarer ikkje vert seld med rabatt eller vert gitt bort
  • varene er kjøpt frå ein registrert grossist
  • salsstaden har ein internkontroll som gir dei tilsette god nok kunnskap om regelverket

Tilsynsavgift

Alle salsstader for tobakk må kvart år betale ei tilsynsavgift til kommunen. Tilsynsavgifta skal dekke tobakkstilsynet, samt oppfølging og tilrettelegging av ordninga.

  • Tilsynsavgifta for faste salsstader er 4 860 kroner i året.
  • For midlertidige salsstader er tilsynsavgifta 1 300 kroner i året. Dette gjeld salsstader som sel deler av året, eller for ei enkelt anledning.

Brot på tobakksskadelovgivinga

Brot på regelverket kan føre til forskjellige reaksjonar:

  • krav om retting av det ulovlege tilhøvet
  • salsforbod i ein periode
  • tvangsmulkt

Lover og reglar

Reglar for sal av tobakksvarer
Tobakksskadeloven
Tobakksalgsforskriften

Til toppen