Skjenkeløyve for ope og lukka arrangement

Skjenkebevilling for ope og lukka arrangement

Dersom du ønsker å servere alkoholhaldig drikke i eit lukka selskap eller ved eit enkelt høve, må du søke kommunen om ambulerande skjenkebevilling, eller skjenkebevilling for enkelthøve.

Når treng du å søke om skjenkebevilling?

Dersom du ønsker å servere alkoholhaldig drikke i eit lukka selskap eller ved ei bestemt anledning, må du søke kommunen om ambulerande skjenkebevilling, eller skjenkebevilling for enkelthøve.

Du må søke om skjenkebevilling dersom:

  • du leiger lokale, tar betalt for alkohol eller om lokalet kun har serveringsbevilling
  • du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllup, jubileum eller interne arrangement i firma
  • du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i eit lokale utan skjenkebevilling eller utandørs på eit avgrensa område

Ambulerande skjenkebevilling

Dersom du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllup, jubileum eller interne arrangement i firma, må du søke om ambulerande skjenkebevilling.

Selskapet kan ikkje vere ope for utanforståande, heller ikkje med påmelding. Deltakarane må ha ei eller anna tilknyting til den eller dei som inviterer til selskapet. Arrangementet er ikkje tilgjengeleg for utanforståande, heller ikkje med påmelding.

Vanlege medlemsmøter i ei foreining, klubber og liknande vert normalt ikkje rekna som slutta selskap sjølv om moglegheitene for medlemskap er avgrensa.

Du må søke ambulerande løyve dersom ei eller fleire av følgande forutsetningar er til stades:

  • dersom ein leiger lokale pluss fleire tenester av utleigar (vasking, servering o.l.)
  • dersom ein tar betalt for alkohol
  • dersom lokalet der festen skal haldast har serveringsbevilling

Søk om skjenkebevilling til lukka arrangement

Skjenkebevilling for enkelthøve

Skjenkeløyve for enkelthøve kan vere eit enkelt ope (offentleg) arrangement som for eksempel konsertar, teater, studentveke, festivalar m.v.

Du må søke skjenkebevilling for enkelthøve dersom gjestane er inviterte for eksempel via annonsar, plakatar eller sosiale media.

Det finst ulike typar skjenkebevilling for enkelthøve:

  • Alminneleg bevilling for enkelt ope arrangement 1-6 dagar – blir avgjort administrativt
  • Alminneleg bevilling for enkelt ope arrangement utover 6 dagar – blir avgjort politisk

Søk om skjenkebevilling for enkelthøve

Viktig informasjon til arrangørar av større arrangement
 

Planar, meldeplikt og godkjenning

Ved søknad om skjenking ute, i telt og ved andre større arrangement skal det alltid leggast ved teikning som viser kva areal søknaden omfattar, kvar skjenkinga skal gå føre seg og kva løysing ein har planlagt for sikring av området, vakthald o.l.

For allment tilgjengelege arrangement er det også meldeplikt til politiet, og arrangøren må sjølv, i god tid før arrangementet, ta kontakt med politiet for gjennomgang av opplegget for arrangementet, jf. politivedtektene.

Internkontroll

For opne arrangement av eit visst omfang vil det krevast at den som har bevillinga har eit internkontrollsystem som sikrar at reglane i alkohollova blir overhaldne og at alle som er involvert i skjenkinga i samband med arrangementet er tilstrekkeleg informert om gjeldande reglar.

Nærare informasjon om kva internkontrollsystemet bør innehalde finn du her: https://www.helsedirektoratet.no/tema/alkohol/guide-til-god-internkontroll-etter-alkoholloven 

Sikkerheit ved større arrangement

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har utarbeidd ei rettleiing for sikkerheit ved store arrangement . Denne inneheld gode råd for sikker avvikling av arrangement og kan lastast ned frå direktoratet si heimeside ved å klikke på linken ovanfor.

Kva krav må du oppfylle?

  • Bevillingssøkar må ha fylt 20 år.
  • Ein person skal stå som ansvarleg for skjenkinga. Skjenkeansvarleg må ha fylt 20 år.

Kva kostar det?

  • Gebyrsatsen for ambulerande løyve, er for tida kroner 380,- per arrangement.
  • Minstegebyret for opne arrangement, som for eksempel festivalar, er for tida kroner 5300,- . Størrelsen på det endelege bevillingsgebyret er avhengig av kor mykje alkohol som blir omsett. Seinast 14 dagar etter arrangementet må du sende ei omsetningsoppgåve til kommunen der du oppgir kor mykje alkohol som er seld. 

Du får ikkje tilbakebetalt gebyret sjølv om arrangementet ikkje blir gjennomført.

Kor lang tid tar det å få svar?

For lukka arrangement som bryllup, jubileum og interne arrangement i firma, er behandlingstida vanlegvis ei veke.

For opne arrangement er behandlingstida inntil fire veker frå søknaden er mottatt. Ved større arrangement kan behandlingstida bli lenger.

Søknaden må sendast til politiet for uttale. Det er difor viktig at søknaden din inneheld gode opplysningar om staden og kva slags arrangement dette er.

Til toppen