Salsløyve

Salsløyve

For sal av alkohol i butikkar. Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Når treng du salsbevilling?

Butikkar som skal selje alkohol må søke om salsbevilling. Bevillinga gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol.

Det må søkast om ny bevilling ved vesentleg endring i eigarsamansetning eller endring av konsept for verksemda.

Ved verksemdsoverdraging kan ny eigar drive på eksisterande bevilling i inntil tre månader. Melding om verksemdsoverdraging og søknad om ny bevilling må vere levert kommunen innan 30 dagar etter at overdraginga har skjedd.

Ved konkurs fell bevillinga bort.

Korleis få salsbevilling?

Bevillinga blir gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. I søknaden må du gi opplysningar om staden, eigarforhold og kven som skal vere styrar og vikar for bevillinga.

Korleis søke om salsbevilling?

Klikk på lenka lengre nede på denne sida. Logg inn via ID-porten for å opprette søknaden. Du må vere styreleiar, dagleg leiar eller ha fått tildelt rolla «kommunale tjenester» i Altinn for å kunne representere selskapet.

Vedlegg som må følge søknad om salsbevilling:

  • Firmaattest som ikkje er eldre enn 2 månader.
  • Aksjeselskap må sende inn utskrift av aksjeeigarbok med revisor si stadfesting på eigarforholda i verksemda.
  • Opplysningar om eventuelle tidlegare eigarforhold.
  • Kopi av leigekontrakt som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til lokala der det blir søkt bevilling og evt. utløpsdato for denne.
  • Ved overdraging – kopi av kjøpekontrakt, evt. erklæring underteikna av begge partar der dato for overdraging går fram.
  • Teikningar over salsstaden i A4-format som klart viser kvar dei alkoholhaldige varene skal plasserast.
  • Dokumentasjon på at styrar og vikar for styrar har bestått kunnskapsprøven for sal etter alkoholloven. Dersom prøva ikkje er avlagt i Ålesund må du legge ved stadfesting. 

Søk om salsbevilling

Kor lang tid tar det?

Vi vil starte behandlinga av søknaden når vi har mottatt all nødvendig dokumentasjon. Kommunen vil då ta stilling til søknaden så raskt som mogleg. Saksbehandlingstida kan vere inntil tre månader. 

Etter endeleg avgjersle i Helse- og velferdsutvalet, vil de få skriftleg melding om vedtaket. Saksbehandlingstida etter møtet i utvalet vil normalt vere rundt éi veke. Dersom bevillinga blir innvilga, får de eit eige dokument, eit bevillingsbrev, saman med vedtaket. Bevillingsbrevet er dykkar dokumentasjon på at de har rett til å selje alkohol.

Vi innhentar uttalar frå andre myndigheiter

Som eit ledd i saksbehandlinga vil kommunen innhente uttale frå politi, skattemyndigheiter og eventuelt andre offentlege myndigheiter. Den som står som ansvarleg for skjenkebevillinga og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel i høve straffelovgivinga, skatte- og avgiftslovgivinga, rekneskapslovgivnga, lov om forbod mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion mv. Desse personane må heller ikkje ha gjort seg skuldig lovbrot i høve anna lovgiving på ein måte som vil vere i strid med sal av alkoholhaldig drikk. Ved vurdering av bevillingshaveren og andre personar sin vandel som nevnt over, kan det ikkje takast hensyn til forhold som er eldre enn fem år.

Generell informasjon

Ver merksam på at dersom de får bevilling, kan salet likevel ikkje starte før:

  • de har motteke bevillingsbrev
  • styrar og vikar for styrar har bestått kunnskapsprøve etter Lov om omsetning av alkoholholdig drikk m.v.
  • internkontrollsystem etter alkohollova er oppretta, sjå nedanfor
  • eventuelle tilleggskrav i vedtaket er oppfylt

I følge kapittel 8 i alkoholforskrifta må bevillingsinnehaver ha eit internkontrollsystem for å sikre at krava i alkohollova og -forskrifta blir overhaldne. Helsedirektoratet har utarbeidd Guide til god internkontroll etter alkoholloven.

Ta kontakt med kommunen sitt bevillingskontor dersom du har spørsmål.

Lover og reglar

Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestader.

Til toppen