Endring av eksisterande løyve

Endring av eksisterande bevilling

Endring av opningstid, skjenkeareal, styrar/vikar, eigardelar.

Dersom du har ei bevilling og vil gjere endringar i drifta, må du snarast søke kommunen om dette. Du kan ikkje endre drifta før kommunen har gjort vedtak om endring.

Søk om endringar.

Søk om godkjenning av ny daglig leiar, ny styrar og/eller vikar for styrar.

Du må søke om endringar dersom:

  • Selskapet skiftar eigar eller gjer endringar i eigardelar.

Om det er eit aksjeselskap, må du legge ved revisorbekrefta aksjeeigarbok.

  • Du utvidar arealet inne eller ute:
    • For serveringsbevilling:
      Du må legge ved ei skildring av arealet.
    • For serverings- og skjenkebevilling:
      Du må legge ved planteikning og adkomstdokument, for eksempel leigekontrakt eller skøyte. Ved framleige må du også legge ved løyve til framleige og framleigekontrakt.
    • For salgsbevilling:
      Du må legge ved skildring av arealet og adkomstdokument, for eksempel leigekontrakt eller skøyte. Ved framleige må du legge ved løyve til framleige og framleigekontrakt
  • Du har bevilling innandørs, og søker om uteservering:
    • For serveringbevilling:
      Du må legge ved skildring av arealet
    • For serverings- og skjenkebevilling:
      Du må legge ved planteikning og adkomstdokument.
  • Du søker om utvida tid inne og ute:
    Ingen krav til dokumentasjon. (Utvida tid betyr opningstid for ein serveringsstad som ikkje skjenker alkohol. For ein stad som skjenker alkohol betyr det både opnings- og skjenketid. Skjenkinga skal alltid slutte ein halvtime før staden stenger, slik at gjestene får drukke ut. Utvida tid kan gjelde inne, ute eller både inne og ute).
  • Staden har fått ny dagleg leiar for ei serveringsbevilling: 
    Du må legge ved stadfesting på at ny dagleg leiar har bestått etablerarprøven.
  • Staden har fått ny styrar:
    • For sals- og skjenkebevilling:
      Du må legge ved stadfesting på at ny styrar har bestått kunnskapsprøven.
    • Er den nye styraren ved ein skjenkestad også ny dagleg leiar for serveringsbevillinga ved staden, må det også leggast ved stadfesting på bestått etablerarprøve.
  • Staden har fått ny vikar for styrar:
    • For sals- og skjenkebevilling:
      Du må legge ved stadfesting på at ny vikar for styrar har bestått kunnskapsprøven

Om du endrar selskapsform (for eksempel frå ENK til AS eller fra NUF til AS) blir det ikkje rekna som ei endring. Då må du søke om ny serverings-, sals- eller skjenkebevilling.

Søk om serverings-, sals- eller skjenkebevilling

Utviding av den eksisterande bevillinga for eit enkelt høve

Kommunen kan for eit enkelt høve tillate at skjenkebevillinga vert utvida til å omfatte eit større areal enn det bestemte skjenkearealet som bevillinga gjeld for. Vidare kan bevillinga verte  utvida til også å gjelde eit areal utanfor skjenkestaden eller i andre lokale. Eit eksempel på dette kan vere at skjenkestaden får utvida bevillinga si for å kunne skjenke på eit marknadsarrangement, ein festival eller liknande. Skjenkestaden kan nytte sitt varelager og sine tilsette ved slike utvidingar. Det er bevillingshavar som er ansvarleg for utøvinga av bevillinga under arrangementet.

Dersom det vert avdekt brot i samband med ei utvida bevilling for eit enkelt bestemt høve, vil dette kunne få konsekvensar for den ordinære bevillinga. Bevillingshavar kan få ilagt prikkar knytt til den ordinære bevillinga for brot avdekt under eit arrangement der bevillinga var utvida for eit enkelt bestemt høve.

Til toppen