Skjenketider i Ålesund

Skjenketider i Ålesund

Gjeld for restaurantar, barar, pubar, nattklubbar og andre stader med skjenkebevilling.

Generelt

Skjenketida for alkoholhaldig drikk skal følge skjenkestaden sine opningstider, men skjenkinga må avsluttast seinast ein halv time før staden skal stenge. Det kan aldri skjenkast alkoholhaldig drikk lengre enn til kl 03:00.

Øl og vin

Skjenking av øl og vin (under 22 volumprosent alkohol) kan ikkje skje før kl. 08:00 på kvardagar og ikkje før kl. 12:00 på søndagar, helgedagar og høgtidsdagar.

Brennevin

Skjenking av brennevin (mellom 22 og 60 volumprosent alkohol) kan ikkje skje før kl.13:00.

Skjenking i jula

Skjenking av alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent kan ikkje skje før kl. 08:00 på julaftan og nyttårsaftan, og ikkje før kl. 12:00 på 1. og 2. juledag og 1. nyttårsdag. Skjenking av alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir kan ikkje skje før kl. 13:00 alle dagar. I romjula gjeld alminnelige skjenketider.

Skjenking i påska

Skjærtorsdag, langfredag, 1. og 2. påskedag: Skjenking av alkoholholdig drikk under 22% frå kl 12. Skjenking av alkoholhaldig drikk over 22% frå kl. 13. Påskeaftan: Vanleg skjenketid.

Skjenking i pinsa

1. og 2. pinsedag: Skjenking av alkoholholdig drikk under 22% frå kl 12. Skjenking av alkoholhaldig drikk over 22% frå kl. 13.
Pinseaften: Vanleg skjenketid

Skjenketid ved overgang til vintertid

Ved overgang til vintertid blir klokka stilt tilbake frå kl. 03:00 til kl. 02:00. Skjenketida til alle skjenkestader går ut når klokka blir 03:00 første gang den natta, og den blir ikkje utvida med ein ekstra time.

Skjenking ved overgang til sommertid

Ved overgang til sommertid blir klokka stilt fram frå kl 02:00 til kl 03:00. Skjenkestader som har skjenketid til kl 02:00 eller seinare, må stenge skjenkinga på det tidspunktet klokka blir stilt fram, det vil seie kl 02:00. Klokka er då 03:00 etter ny tid.

Til toppen