Skjenke- og smittekontroll i samband med Covid-19

Skjenke- og smittekontroll i samband med Covid-19

Regjeringa har innført nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol frå 4. januar til 19. januar. 

Det er utarbeida særskilde retningsliner for serverings- og skjenkestader etter Covid-19 forskrifta for å sikre smittevernforsvarleg drift, samt innskrenkingar i opnings-/skjenketider.

Ålesund kommune kan sette i verk fylgjande tiltak ved brot på retningslinene: 

  • 1. gongs avvik: Skriftleg åtvaring.
  • 2. gongs avvik: Stenging i inntil ei veke og krav om oppdaterte skriftlege smittevernrutinar før opning.

Ut frå ei naturleg forståing av alkoholforskrifta § 10-1 har kommunen ikkje mynde til å sanksjonere brot på føresegner gjevne i Covid-19-forskrifta (§ 14a, femte ledd) etter reglane om prikktildeling og inndraging, fordi føresegnene om opphøyr av skjenking ikkje spring ut av alkohollova. Brot på føresegnene i forskrifta må i staden handhevast og sanksjonerast i samsvar med reglane i smittevernlova.

Til toppen