Særlege reglar knytt til korona

Særlege reglar knytt til korona

Serveringsstader, som restaurant, kafe, bar og pub, og utestad, som diskotek, nattklubb og liknande, kan halde ope dersom drifta er smittevernfagleg forsvarleg.

Smittevernfagleg forsvarleg drift inneber at verksemda skal sørge for at gjester og tilsette kan halde minst 1 meters avstand til personar i annan husstand, at den har utarbeidd rutiner for god hygiene og godt reinhald, og at desse rutinene vert fylgd.

Skjenkestopp

Det er innført nasjonalt forbod mot å servere alkohol etter midnatt (sidan 7. nov 2020). Serveringsstader med skjenkebevilling kan ikkje sleppe inn nye gjester etter kl. 22. Kommunen vil vurdere behovet for lokalt å begrense skjenketida dersom smittesituasjonen tilseier det.

Avstand

Serveringsstaden skal sørge for at det er minst 1 meters avstand mellom sitjeplassane når gjestane kjem til staden, og at det vert tatt omsyn til dette ved bestilling av bord. Husstandsmedlemmer kan sitje nærare kvarandre. Serveringsstaden skal iverksetje tiltak for å minne gjestane om at dei bør halde avstand til andre enn husstandsmedlemmer.

Bordservering

Ved serveringsstadar som har skjenkebevilling skal servering av alkohol skje ved bordservering, og det skal være sitjeplassar til alle gjester. 

Buffet

Ved servering av mat og alkoholfri drikke som buffet, skal råd om trygg servering frå buffet og salatbar fylgjast

(fhi.no)

Kontaktopplysningar

Serveringsstadar som har skjenkebevilling skal registrere kontaktopplysninger til dei gjestane som samtykkjer til det. Det er tilstrekkeleg å registrere opplysningane til éin person i kvar gruppe. Serveringsstaden skal likevel oppfordre til at flest mogleg registrerer kontaktopplysninger. 

Med kontaktopplysninger meiner ein informasjon som gjer det mogleg å komme i kontakt med gjesten, til dømes telefonnummer. Serveringsstaden skal og registrere dato og tidspunkt for besøket, og om mogleg plassering i lokalet. Kontaktopplysningane skal berre brukast for å hjelpe kommunen ved ei eventuell seinare smitteoppsporing etter smittevernlova § 3-6. Ved førespurnad skal opplysningane utleverast til dette føremålet. 

Kontaktinformasjon som namn og telefonnummer er personopplysningar. Datatilsynet gir rettleiing om forståinga av personvernregelverket, og har publisert ein artikkel om besøksregistrering og smittesporing (datatilsynet.no). Der fins informasjon om kva for personvernreglar som gjeld for slik registrering.

Opplysningane skal oppbevarast forsvarleg og slettast etter 14 dager. Serveringsstaden skal informere den som vert registrert om føremålet med registreringa og kor lenge kontaktinformasjonen vert oppbevart.

Arrangement som vert gjennomført på serveringsstadar

Frå 9. nov 2020 er maksimalt tal på deltakarar redusert til 50 personar (20 personar ved privat samankomst).
Bransjen og den einskilde serveringsstad må sjølv ta stilling til kva som er eit arrangement og kva som inngår i ordinær drift av serveringsstaden.

Underhaldning, konsertar og andre tilstelningar på ein serveringsstad vil typisk bli sett på som eit arrangement dersom gjestane i hovudsak kjem til serveringsstaden for å sjå på underhaldninga/konserten eller delta på tilstelninga. Andre moment som taler for at tilstelninga må sjåast på som eit arrangement er at ein krev ei form for billett, invitasjon eller registrering for å delta, at tilstelninga har eit tydleg start- og sluttidspunkt, og at tilstelninga er marknadsført på førehand, med konkret stad og tidspunkt.

Det kan vere nyttig å kontakte kommunen for å få hjelp til å vurdere om tilstelninga ein planlegg skal sjåast på som eit arrangement eller ikkje. 
 

Til toppen