Klage på gebyr på kommunale avgifter og eigedomsskatt

Ålesund kommune trekk tilbake faktura for eigedomsskatt og gebyr. Ønsker du å klage på grunn av feil i gebyrgrunnlaget eller eigedomskatten kan du enten gjere det via vårt digitale klageskjema, e-post til postmottak eller ordinær post. Du finn meir informasjon om innsending av klage på vår temaside om kommunale avgifter og eigedomsskatt.

Omsetningsoppgåve og bevillingsgebyr

Omsetningsoppgåve og skjenking

Alle som har ei sals- eller skjenkebevilling må kvart år betale eit bevillingsgebyr til kommunen.  Størrelsen på gebyret er avhengig av kor mykje alkohol som blir selt. Opplysningar om alkoholsalet skal rapporterast til kommunen innan 1. april kvart år for det føregåande året.

Kva kostar ei bevilling?

Bevillingsgebyret utgjer minimum 1700 kroner for daglegvarehandel og minimum 5300 kroner for skjenkestader, per år. Gebyr for ambulerande skjenkebevilling er kr 380. Satsane for bevillingsgebyret finn du i alkoholforskrifta. 

Slik blir gebyret berekna

Bevillingsgebyret blir fastsett for eitt år av gangen for kvar enkelt bevilling, på grunnlag av forventa omsett mengde alkoholhaldig drikk.

Dersom det er avvik mellom tidlegare oppgitt forventa omsetning og faktisk omsetning, kan kommunen gjere ei etterberekning og eit etteroppgjer.

Send inn omsetningsoppgåve 

Send inn omsetningsoppgåve for skjenke- og salsbevilling.

Bevillingshavarar som har fleire bevillingar må sende inn éi omsetningsoppgåve for kvar enkelt sals- eller skjenkestad. Fristen er 1. april.

Manglande omsetningsoppgåve

Om du ikkje leverer omsetningsoppgåve innan kommunen sin frist, fører det til sanksjon i form av to prikkar, jf. alkoholforskrifta sin § 10-3 og kommunen sitt bevillingsreglement.

Til toppen