Kontrollar

Kontrollar

Ansvarleg sal og skjenking er bevillingshavar sitt ansvar. Kommunen har inngått avtale med Securitas om å utføre lovbestemte kontrollar av butikkar, restaurantar, barar, pubar osb. for å sjå om alkoholsalet er forsvarleg og i samsvar med regelverket.

Målet er at Ålesund skal vere ein trygg kommune med seriøs drift av serverings- og skjenkestadene.

Kontrollane består av:

  • Vandelsvurdering i samband med søknadsbehandlinga og i driftsperioden
  • Salskontrollar i butikkar og skjenkekontrollar på restaurantar, barar, pubar
  • Råd og rettleiing før du søker og i driftsperioden.

Vandelsvurdering

Når kommunen mottar søknader om bevilling, ber vi alltid om ein uttale frå politiet, kemneren og skatteetaten. Dei melder frå til kommunen om forhold som tilseier at søknaden ikkje bør innvilgast. Kravet til uklanderleg vandel i alkoholloven og serveringsloven skal vere oppfylt.

I tillegg utfører kommunen vandelsvurderingar av bevillingshavarar, eigarar og andre sentrale aktørar i driftsperioden. Desse vandelsvurderingane blir gjort på bakgrunn av opplysningar kommunen får frå mellom andre politiet og skatte- og avgiftsmyndigheitene.

Sals- og skjenkekontrollar

Dette ser skjenkekontrollørane etter:

  • Sal eller skjenking av alkohol til mindreårige personar.
  • Sal eller skjenking til personar som er openbert påverka av alkohol/rus
  • Sal eller skjenking av alkohol utover fastsett salstid eller skjenketid
  • Omsetning og bruk av narkotika på skjenkestaden
  • Diskriminering av gjestar
  • Uforsvarleg drift
  • At butikken eller restauranten har internkontroll
  • Alkohol som er tatt med ut av skjenkeområdet og medbragt alkohol konsumert inne på skjenkeområdet
  • Hindring av skjenkekontroll
  • Brot på forbodet mot alkoholreklame

Dersom kontrollørane har sett moglege brot på alkoholloven, fortel dei kort om observasjonane sine til den ansvarlege på staden. Etterpå får bevillingshavar eit brev med resultatet av kontrollen, inkludert kontrollørane sin rapport. Bevillingshavar får anledning til å kommentere rapporten før kommunen avgjer om forholdet utgjer eit brot på regelverket eller ikkje. Om vi etter ein kontroll konkluderer med brot på alkoholloven, er vi forplikta til å tildele prikkar. Dersom du i løpet av en to-årsperiode blir tildelt 12 prikker, vil kommunen inndra bevillinga for ein periode. Her kan du sjå kor mange prikkar som blir tildelt ved ulike typar brot.

Råd og rettleiing

Ta kontakt med kommunen for gratis råd og rettleiing om problemstillingar som kan oppstå på utestader. Vi kan komme på personalmøte og informere om alkoholloven og kva som bidreg til trygg og god drift. Kommunen kan også gi rettleiing før oppstart av ei verksemd. Ring 70 16 20 00 for å avtale tid for samtale.

Til toppen