Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Barnehagane, grunnskolane og vidaregåande skolar skal over på grønt nivå frå måndag 20. september. 

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Konsekvensar ved brot på regelverket

Konsekvensar ved brot på regelverket

Ved brot på alkoholloven blir det tildelt prikkar.

Kommunen utfører sals- og skjenkekontrollar i Ålesund. Dersom vi etter ein kontroll konkluderer med brot på alkoholloven, er vi forplikta til å tildele prikkar. Om ein sals- eller skjenkestad i løpet av to år får tolv prikkar, er vi forplikta til å inndra sals- eller skjenkebevillinga i ei veke. Når bevillinga er inndratt, kan ikkje staden selje eller skjenke alkohol. 

Antal prikkar for kvart regelbrot

8 prikkar 

  • Sal og skjenking til mindreårige 
  • Brot på bistandsplikta 
  • Brot på kravet om forsvarleg drift 
  • Hindring av kontroll  

4 prikkar 

  • Sal og skjenking til openbert påverka/rusa person 
  • Brot på tidsbestemmingane 
  • Skjenking av sprit til person mellom 18 og 20 år 
  • Brot på alderskrav til den som sel eller skjenkar alkohol  

2 prikkar 

  • Openbert påverka person i lokalet 
  • Manglar ved internkontrollsystemet 
  • Manglande levering av omsetningsoppgåve 
  • Manglande betaling av gebyr 
  • Brot på reglar om styrar og vikar for styrar
  • Gjentatt diskriminering 
  • Gjentatt omsetning av narkotika

1 prikk 

  • Brot på reglane om alkoholfrie alternativ 
  • Brot på reglane om plassering av alkoholhaldig drikk på salsstaden 
  • Brot på reglane om skjenkemengde for brennevin 
  • Brot på vilkår i bevillingsvedtaket 
  • Konsum av medbrakt alkohol 
  • Gjestar tar med alkohol ut 
  • Brot på reklameforbodet 

Lover og reglar 

Til toppen