Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Etablerar- og kunnskapsprøve

Etablerar- og kunnskapsprøve

  • Alle serveringsstader som serverer mat og alkoholfri drikke, må ha ein dagleg leiar som har bestått ei etablerarprøve.
  • Alle butikkar med salsbevilling og alle serveringsstader med skjenkebevilling må ha ein styrar og en vikar for styrar som har bestått kunnskapsprøven.
  • Alle som ønsker det kan ta etablerarprøven og kunnskapsprøven. Du må ha bestått kunnskapsprøven for å søke om sals- og skjenkebevilling.
  • Alle serveringsstader må ha bestått etablerarprøven.

Etablerarprøve (serveringslova)

Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad og serverer mat/drikke (eksempelvis restaurantar, pub/bar, kaféar, kiosk/gatekjøkken, bensinstasjonar, mobile vogner), må ha bestått etablerarprøve etter Lov om serveringsvirksomhet. (Dette er ikkje det samme som kunnskapsprøven etter alkoholloven).

Etablerarprøven skal sikre at den ansvarlege for ein serveringsstad har nødvendig kunnskap om økonomistyring og lovgiving som er av betydning for drifta.

Kunnskapsprøve (alkoholloven)

Den som skal vere styrar, vikar for styrar og kontrollør må ha dokumentert kunnskap om alkoholloven og bestemmingar gitt i medhald av den. Kunnskapskravet er oppfylt ved bestått kunnskapsprøve. Ved søknad om ny bevilling må styrar og vikar for styrar ha bestått prøven før bevilling kan bli gitt.

Det er tre typar kunnskapsprøver:

  • for salsbevilling (alkoholhaldig drikk i gruppe 1) – eksempelvis butikkar
  • for skjenkebevilling (alkoholholdig drikk i gruppe 1, 2 og 3) – eksempelvis restaurantar, pub/bar, utestad
  • for kontrollørar

Alle som ønsker det kan få avlegge prøve.

Om prøvene

Læremateriell for etablererprøven er utarbeidd av VINN-senteret i Narvik (Veiledningsinstituttet i Nord-Norge) og må bestillast av den enkelte.

Gyldig legitimasjon må visast fram på prøvedagen.

Når prøven er avlagt vil kandidaten få informasjon om den er bestått eller ikkje. Brev med informasjon om resultat frå prøven blir sendt til kandidaten, og ved bestått prøve vil eit kunnskapsbevis bli lagt ved.

Gebyret på prøven er kr 400,-. Dette kan enten bli fakturert i etterkant eller betalt med Vipps i resepsjonen på prøvedagen. Kunnskapsbevis blir ikkje utstedt før gebyret er betalt.

Hjelpemiddel

  • Etablerarprøven: kun tillate med lovsamling som innbyggartorget har til utlån.
  • Kunnskapsprøve: kun tillate med ordbok.
  • Mobiltelefon er ikkje tillate under prøven.

Klageadgang

Det er ikkje klageadgang i samband med etablerarprøven og kunnskapsprøvene, men alle kan ta prøven opp igjen så mange ganger det er behov for. Det må betalast nytt gebyr for kvar gang.

Påmelding

Skjema for påmelding til kunnskapsprøven.

Heimmel i lov

Sjå også:

VINN-senteret i Narvik (Veiledningsinstituttet i Nord-Norge).

Til toppen