Konsekvensar ved brot på regelverketVed brot på alkohollova blir det tildelt prikkar.Kommuna utfører sals- og skjenkekontrollar i Ålesund. Dersom vi etter ein kontroll konkluderer med brot på alkohollova, er vi forplikta til å tildele prikkar. Om ein sals- eller skjenkestad i løpet av to år får tolv prikkar, er vi forplikta til å inndra sals- eller skjenkebevillinga i ei veke. Når bevillinga er inndratt, kan ikkje staden selje eller skjenke alkohol. Antal prikkar for kvart regelbrot8 prikkar Sal og skjenking til mindreårige Brot på bistandsplikta Brot på kravet om forsvarleg drift Hindring av kontroll 4 prikkar Sal og skjenking til openbert påverka/rusa person Brot på tidsbestemmingane Skjenking av sprit til person mellom 18 og 20 år Brot på alderskrav til den som sel eller skjenkar alkohol 2 prikkar Openbart påverka person i lokalet Manglar ved internkontrollsystemet Manglande levering av omsetningsoppgåve Manglande betaling av gebyr Brot på reglar om styrar og vikar for styrar Gjentatt diskriminering Gjentatt omsetning av narkotika1 prikk Brot på reglane om alkoholfrie alternativ Brot på reglane om plassering av alkoholhaldig drikk på salsstaden Brot på reglane om skjenkemengde for brennevin Brot på vilkår i bevillingsvedtaket Konsum av alkohol som er tatt med utanfrå Gjestar tar med alkohol ut Brot på reklameforbodet Lover og reglar Forskrift om prikktildeling Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestader Ansvarleg for tenesta Innbyggartorg Sist endra 27.06.2024 13.49