Arbeidet med miljøsertifisering er i dag ein sentral del av Ålesund kommune sitt interne miljø- og klimaarbeid, og samtidig ein viktig del av arbeidet med å stimulere til et klimavenleg næringsliv.
Kva er miljøfyrtårn?
Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifiseringsordning for verksemder som ønsker å vise samfunnsansvar og dokumentere sin klima- og miljøinnsats. Miljøfyrtårn er eit anerkjent og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, som hjelp verksemder å lykkast med grøn omstilling. Miljøfyrtårnordninga blir drifta av stiftelsen Miljøfyrtårn.
Kom i gang med miljøfyrtårnsertifisering
Miljøfyrtårn passer for alle typer verksemder, frå små og mellomstore enkeltverksemder, til store konsern, kommunar og fylkeskommunar. Stiftelsen Miljøfyrtårn har utarbeidd over 80 bransjekriterium, som betyr at miljøfyrtårnarbeidet kan tilpassast rammene for den enkelte verksemd.
Verksemder vel å bli sertifisert for mellom anna å kunne:
- Arbeide heilskapleg, systematisk og langsiktig med tiltak som forbetrar verksemda sine klima- og miljøprestasjonar.
- Oppnå konkurransefortrinn (mellom anna i offentlege anskaffingar).
- Styrke merkevara.
- Kutte kostnadar.
- Redusere sjukefråværet
Les meir om kvifor bli sertifisert
For å bli miljøfyrtårn må verksemda gjennomføre ei miljøanalyse. Dette skjer vanlegvis med rettleiing frå ein godkjent miljøfyrtårnkonsulent. Verksemda må oppfylle fleire krav som er definerte på førehand, samt lage ein handlingsplan for det vidare miljøarbeidet. Verksemda skal også sette seg overkommelege mål for å stadig forbetre miljøprofilen sin.
Miljøanalysen omfattar følgande tema:
- Energi
- Innkjøp og materialbruk
- Avfall og ombruk
- Utslepp til luft, vatn og jord
- Transport
- Fysisk arbeidsmiljø
Kvart tredje år må verksemda bli resertifisert for å behalde nemninga miljøfyrtårn.
Kriteria for sertifisering finn du her.
Prisen for ei miljøsertifisering varierer med verksemda sin storleik og behovet for rettleiing frå konsulent. Stiftelsen Miljøfyrtårn har eit etableringsgebyr for alle nye verksemder, i tillegg kjem eit årleg servicegebyr. Sjå oppdaterte prisar
Prosessen frå å melde interesse for å bli miljøfyrtårn til verksemda er det er slik:
- Kontakt konsulent
- Arbeid med sertifiseringskriterium
- Kontakt sertifisør
- Godkjenning av Miljøfyrtårn
- Tildeling av diplom ved førstegangssertifisering
Ålesund kommune har koordineringsansvar for miljøfyrtårnsertifisering hos andre private og offentlege verksemder i Ålesundsområdet. Dette inneber å støtte stiftelsen Miljøfyrtårn med å informere andre offentlege og private verksemder om sertifisering. Kommunen organiserer også utdeling av diplom til verksemder som er blitt sertifisert.
Lurer du på om det er noko for di verksemd? Les meir på Stiftelsen Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no)
Vesentleganalyse
Mange små og mellomstore bedrifter opplever at det er krevande å lykkast i berekraftig omstilling, og for enkelte kan det virke heilt uoverkommeleg. Kor skal ein starte? Kva er eigentleg vesentleg?
Miljøfyrtårn har i samarbeid med UN Global Compact lansert vesentlig.no. Ei nettside som vil kunne hjelpe di bedrift med å identifisere og prioritere vesentlege påverknader på miljø, arbeidsmiljø og samfunn.
Les meir om vesentlig.no
Vesentlig.no - Hjem
Ålesund kommune er miljøfyrtårnsertifisert
Ålesund kommune er miljøfyrtårn. Det blir arbeidd jamt med å sertifisere interne lokasjonar, og på sikt vil alle arbeidslokasjonane i organisasjonen vere sertfisert.
- Attvin
- Ellingsøy barnehage
- Fagerlia barnehage
- Fremmerholen barnehage
- Harøy barnehage
- Lerstad barnehage
- Midtbyen barnehage
- Nørve barnehage
- Rabbevågen barnehage
- Ratvikåsen barnehage
- Skarbøvik barnehage
- Skodje barnehage
- Stette barnehage
- Storhaugen barnehage
- Ålesund kommunale Eigedom (ÅKE)
- Ålesund kommune, Rådhuset (hovudkontor)
- Årøyhaugen barnehage
Kontakt
Miljøfyrtårnansvarleg Sonja Servan