Om hoppid.no
hoppid.no er Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane sitt tilbod til gründarar. I samarbeidet inngår også Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Målet er å skape nye og levedyktige bedrifter, mangfald i arbeidslivet og auka verdiskaping og å styrke Møre og Romsdal som gründerfylke.
Hoppid.no-kontoret i Ålesund kommune tilbyr førstelinje-hjelp for etablerarar og gründarar, og om du har ein ide om å starte eiga bedrift kan vi hjelpe deg dei første stega på vegen.
Hos oss kan du få gratis råd og rettleiing, tilbod om kurs og opplæring samt informasjon om tilskotsordningar. Vi kan óg yte hjelp i søkeprosessar og til nettverksbygging.
Dette vil du få vite meir om i samtale med ein av våre hoppid.no-kontakter/rådgivarar.
Næringsfagleg vurdering
Dersom du mottar dagpengar eller arbeidsavklaringspengar og ønsker å etablere eiga verksemd, kan du søke om å beholde ytelsen under etablering. Du kan kontakte ditt nærmaste hoppid.no kontor for hjelp til ei næringsfagleg vurdering.
Næringsfagleg vurdering kostar 1 500,-.
Her finn du meir informasjon om dagpengar under etablering
Kontakt
Du kan treffe våre hoppid.no-kontakter i rådhuset i Ålesund og på tenestehuset på Skodje. Eller ta direkte kontakt med oss for en uforpliktande prat.
Hoppid rådgivar:
Charlotte Rongved Østrem 90 60 66 54
Solveig Ristesund Nakken 47 61 54 85
eller send ein e-post til hoppidalesund@alesund.kommune.no
Du kan også registrere deg i plattforma Entreprenerdy, skriv kort om forretningsideen din, og kva du ønskjer å snakke om, så vil du automatisk få tildelt ein rådgivar. Trykk her for å komme til plattforma.
Nyttige lenker
- ÅKP Startup & Scaleup
Rådgiving, finansiering og tilrettelegging for gründerar og vekstbedrifter. - Innovasjon Norge
Innovasjon Norge skal bidra til vekst i norsk næringsliv gjennom kapital og kompetanse. - Altinn
Nyttig informasjon om å starte og drive verksemd i Norge.
Viktige samarbeidspartnarar