Heidersprisen frå Ålesund kommune

Ålesund kommune har kvart år delt ut fleire heidersteikn og prisar. I 2024 er det berre sjølvaste heidersprisen som blir delt ut. Planen er at det skal skje på kommunestyret sitt siste møte i midten av desember.

Heidersprisen

Heidersprisen skal tildelast som heider for betydningsfull, samfunnsnyttig innsats for innbyggarar i Ålesund kommune. Prisen er ei påskjønning for utført arbeid, og som kan vere ei oppmuntring til å halde fram det gode arbeidet. Alle innbyggarar, organisasjonar og institusjonar i Ålesund kommune kan fremje forslag om kandidater til prisen. Forslag på kandidatar må ha god grunngjeving.

Kven kan motta prisen?

Heidersprisen kan tildelast enkeltpersonar, grupper av personar, lag eller organisasjonar. Den kan ikkje tildelast offentlege institusjonar eller landsomfattande organisasjonar som hovudsakleg finansierer arbeidet sitt med offentlege midlar.

For å kunne få tildelt prisen må vedkommande vere busett i Ålesund kommune eller ha særleg tilknytning til kommunen.
Mottakar av Heidersprisen får eit prisbeløp på kr 10.000,- , arbeid av lokal kunstnar til verdi rundt kr 4.000,- og eit diplom.

Kven avgjer kven som skal få prisen?

Kvart kommunedelsutval har ansvar for å nominere ein kandidat frå sin kommunedel. Kommunedelsutvala kan også velje kandidater som ikkje er foreslått av andre.

Formannskapet vel ut ein vinnar som skal få prisen.

Utdeling av prisen

Heidersprisen blir delt ut på kommunestyret.

Kom med forslag

Forslag til kandidatar kan fremmast av privatpersonar, organisasjonar og institusjonar.  

Forslagsskjema

Forslaga må vere skriftlege, og innehalde opplysningar om kandidaten/-ane som blir fremja og ei grunngjeving for at den/dei foreslåtte bør få prisen.

Frist for å melde inn kandidatar er 1. oktober.

Sjå også

Ansvarleg for tenesta

 

​