Tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar

Tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar

Tilskotsordning for å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant flyktningar og innvandrarar.

Alle lag, foreiningar og frivillige organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret, og har medlemmar busett i kommunen, kan søke.

Formål

Hovudmål med tilskotsordninga er å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant flyktningar og innvandrarar. Les meir om tilskotsordninga på imdi.no.

Målgruppe

Målgruppa er flyktningar, innvandrarar og folket elles.

Kriterium for å kunne søke om tilskot

  • Innvandrarar (barn og vaksne) deltar i fellesskap og aktivitetar i regi av frivillig verksemd som er med på å bygge bru mellom ulike grupper i lokalsamfunnet
  • Innvandrarar i kommunen får supplement til offentleg kvalifisering og opplæring: Norsktrening, kunnskap om norsk arbeidsliv og/eller arbeidsretta tiltak
  • Innvandrargrupper frå land der negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og/eller kjønnslemlesting kan gå føre seg, får kunnskap om: konsekvensar av negativ sosial kontroll, foreldrerolla og barn sine oppvekstvilkår i Norge, menneskerettar og norsk lov, barn og unge sine rettar og det at ein skal få ta sjølvstendige val

Det kan søkast om støtte til prosjekt, enkelttiltak og aktivitetar som rettar seg mot eitt eller fleire av dei tre kriteria.

Tilskotsmottakar må levere årsrapport til kommunen innan 31.01.2023.

Informasjon om ulike tilskotsordningar er også å finne på imdi.no.

Kontaktpersonar i kommunen: hilde.rodal@alesund.kommunue.no / 902 52 080 eller lodvar.hogne.espeland@alesund.kommune.no

Slik søker du om tilskotet

Søk om tilskot til integrering

Søknadsfrist

Søknadsfristen er  utvida til 26. mars 2022.

Til toppen