Tilskot til helse- og velferdsformål

Tilskot til helse og sosialformål (lag og organisasjonar)

Ålesund kommune disponerer midlar som kan ytast til frivillige lag og organisasjonar som utfører helse- og sosialretta oppgåver mot innbyggarar i Ålesund kommune.

Ålesund kommune gir, innanfor ramma for den bevillinga som kvart år står til disposisjon, følgande tilskot:

  • tilskot til lag og organisasjonar innan helse- og velferdsområdet
  • tilskot til lag og organisasjonar til aktivitetar for personar med nedsett funksjonsevne/utviklingshemming

Om tilskotsordninga

Tilskotsordninga skal støtte opp om frivillige og ideelle organisasjonar sin innsats innan helse- og velferdsområdet i Ålesund kommune.

Tilskotsordninga har som mål å:

  • bidra til inkludering, gode levekår og aktiv samfunnsdeltaking for innbyggjarar i Ålesund   kommune
  • bidra til auka livskvalitet og eigenmeistring hos brukarar eller pårørande
  • bidra til helsefremjande og førebyggjande aktivitetar
  • bidra til gjennomføring av ulike arrangement for målgrupper innan området
  • fremje det frivillige engasjementet
  • bidra til auka samhandling og samskaping mellom lag/organisasjonar og kommunen

Kven kan søke

Lag og organisasjonar som er etablerte i kommunen, driv aktivitetar innan helse og velferdsområdet og gir tilbod til brukarar/ innbyggjarar som bur eller oppheld seg i Ålesund kommune.

Ålesund kommune har fleire tilskotsordningar innanfor kultur og idrett, nærmiljø og frivilligheit. Desse vil bli lyst ut på eit seinare tidspunkt ( april 2022), og lag og organisasjonar som gir tilbod innan for desse områda, blir bedne om å nytte desse ordningane.

Ålesund kommune vil og på eit seinare tidspunkt lyse ut tilskot til individuelle ferietiltak til personar med nedsett funksjonsevne/utviklingshemming.

Type tilskot

 Tilskot kan bli gitt på ein av desse måtane:

  1. Faste tilskot - Tilskot som kan bli gitt for ei periode på inntil tre år om gongen.
    Tilskota skal vere med å støtte opp under aktivitetar eller innsatsar som varer over tid, og som kan gi meir føreseielege vilkår for drift.
  2. Eingongstilskot - Tilskot som gjeld for eitt år om gongen.
    Til dømes tilskot til spesifikke arrangement, aktivitetar eller innsatsar med kortare varigheit. Tilskota vil ha ei ramme på inntil kr 15.000,- pr. lag/organisasjon.

Lag og organisasjonar kan søke på begge tilskota.

Krav til søknaden

I søknad skal ein gjere greie for kva laget eller organisasjon søker midlar til, kva midlane skal brukast til og kva budsjett ein har for aktiviteten/tiltaket. I søknaden må ein legge ved siste godkjende årsmelding og rekneskap og budsjett for det året det vert søkt tilskot for.

Søknaden skal sendast inn ved å nytte det digitale søknadsskjemaet nedanfor. Treng ein hjelp til utfylling av søknaden, ta kontakt med næraste innbyggjartorg for bistand.

Søk om tilskot til lag og organisasjonar innan helse- og velferdsområdet 

Søk om tilskot til aktivitetar for personar med nedsett funksjonsevne / utviklingshemming

Søknadsfrist 20. januar 2022.

Meir informasjon

Det er utarbeida nye retningsliner for tildeling av tilskot til lag og organisasjonar innan helse og velferdsområdet (vedtatt av Ålesund kommunestyre november 2021). Retningslinene inneheld meir informasjon om kven som kan søkje, krav til søknaden, tildelingskriterium og klagefrist. Denne informasjonen finn du her (PDF, 197 kB).

Til toppen