Viktig informasjon om korona

Tilskot til helse- og sosialformål

Tilskot til helse og sosialformål (lag og organisasjonar)

Ålesund kommune disponerer midlar som kan ytast til frivillige lag og organisasjonar som utfører helse- og sosialretta oppgåver mot innbyggarar i Ålesund kommune.

Midlane kan etter søknad, løyvast til lag og organisasjonar i Ålesund kommune, og skal helst gjevast til konkrete prosjekt.

Kven kan søke?

Korps og idrettslag vert viste til å søke kulturmidlar for støtte til verksemda si. Helse- og sosialretta midlar kan likevel søkast til spesifikke aktivitetar som til dømes tek sikte på å betre integrering, motverke barnefattigdom og liknande.

Det er ikkje utarbeida kriterium for tildeling av desse tilskota, men dei seinare åra har barn, unge og sosialt vanskelegstilte vore prioriterte grupper.

Krav til søknaden

  • Gjer kort greie for laget/organisasjonen som søker midlar
  • Skriv kort om kva midlane skal brukast til
  • Legg  ved budsjett for tiltaket

Dette må leggast ved søknaden:

  • Årsmelding
  • Rekneskap for fjoråret
  • Budsjett for gjeldande

Søk om tilskot til lag og foreininger innan helse- og sosialformål

Søknasfrist: 30. april 2021

Til toppen