Tilskot til inkludering av barn og unge

Tilskot til inkludering av barn og unge

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking.

Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.

Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike orsakar står i fare for å hamne i utanforskap. Nokre aktivitetstypar kan ha ei meir avgrensa målgruppe.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) deler ut midlane til denne ordninga. Kommunen vurderer søknadane og tilrår til Bufdir. Bufdir tar den endelege avgjerda om kven som skal få midlar.

Kven kan søkje

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar

Regelverket for tilskotsåret 2022

Det er for 2022 ei endring i regelverket for. Den nye forskrifta om tilskot til inkludering av barn og unge omfattar det som tidlegare var tilskotsordningane:

  • «Nasjonal tilskuddsordning for å inkludere barn og unge»,
  • «Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn»
  • «Støtte til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom».

Det kan søkjast om tilskot for ei periode på inntil tre år med atterhald i Stortinget sitt budsjettvedtak for det einskilde år.

Kommunen skal sende inn ein samla søknad om tilskot, eventuelt med fleire aktivitetstypar. For søknadar som gjeld  koordinering av lokal arbeid for inkludering av målgruppa eller utprøving av arbeidsmodellar, skal det nyttast eigne skjema.

Slik søker du

Søknadsfrist: 18. november 2022

Etter at du har sendt inn søknaden

Kommunar i tilskotsordninga gjer ei administrativ og politisk vurdering og prioritering av søknadane. Bufdir gjer den endelege tildelinga.

Kontakt

For spørsmål eller hjelp med søknaden, ta kontakt med Vivian Dyb, seksjonssjef for barn familie og førebygging

Til toppen