Koronavirus

Storbymiddel

Støtte til barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn – opne møteplassar

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) deler ut midla i denne ordninga. Kommunen vurderer søknadene og gir tilrådinga vår til Bufdir. Bufdir tar den endelege avgjerda om kven som skal få middel. 

Målet med tilskotsordninga er å betre oppvekst- og levevilkåra for barn og ungdom gjennom å etablere eller vidareutvikle opne møteplassar.

Møteplassane er sosiale arenaer der barn og ungdom frå alle sosiale lag kan møtast og delta på like vilkår, men skal særleg legge til rette for inkludering og deltaking for barn og ungdom som felle utanfor og ikkje gjer nytte av andre fritidsaktivitetar. Møteplassane skal vere lågterskeltilbod. Tilskotsmottakarar skal sikre trygge rammer rundt tilbodet.

Målgruppa er barn og ungdom i alderen 10 – 20 år frå utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø.

Kven kan søke?

  • Offentlege instansar
  • Private aktørar
  • Frivillige organisasjonar 

Kva kan det søkjast om?

  • Tiltak/prosjekt som vidareutviklar eller etablerer opne og inkluderande møteplassar ovanfor målgruppa. Støtte gjennom tilskotsordninga er i utgangspunktet avgrensa til tre år og det er krav om ein konkret plan for vidareføring for tiltak som mottar støtte. Årsaka er at tilskotsordninga er meint å stimulere til etablering og utvikling, og ikkje er eit driftstilskot.
     
  • Investering i lokalar og utstyr for å vidareutvikle eller etablere opne møteplassar for barn og ungdom. Søknadar om reine investeringstilskot vert berre innvilga for eit år om gongen.

Kva legg Bufdir vekt på?

  • Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn som står ovanfor særlege utfordringar, og arbeid som fremmer integrering er høgt prioritert.
  • Samarbeid mellom kommunar og frivillig sektor.
  • Den totale størrelsen på tilskot i bykommunen gjennom ordninga.

Slik søker du

Du må bruke Bufdirs søknadsportal. Meir informasjon og søknadsportal

Søknadsfrist: 4. desember 2020

Slik handsamer kommunen søknaden din

Kommunar i tilskotsordninga gjer ei administrativ og politisk vurdering og prioritering av søknadane  ein vurderer og prioriterer søknadane. Bufdir gjer den endelege tildelinga.

For spørsmål eller hjelp med søknaden, ta kontakt med Vivian Dyb, kommunalsjef for barn, familie og integrering.

Rapportering for tilskot

Frist for å sende inn sluttrapport for søknadar innvilga i 2020 er 1. april 2021. Rapport og rekneskap skal sendes på nettsidene til Bufdir.

Til toppen