Koronavirus

Barnefattigdom

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge

Ei tilskotsordning for å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og unge.

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og unge.

Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og unge skal få ta del på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) deler ut midlane til denne ordninga. Kommunen vurderer søknadane og tilrår til Bufdir. Bufdir tar den endelege avgjerda om kven som skal få midlar.

Kven kan søkje

  • Offentlege instansar
  • Private aktørar
  • Frivillige organisasjonar

Kva legg Bufdir vekt på

  • Omfang av fattigdom i barnefamiliar i kommunen eller kommunedelen.
  • Geografisk spreiing mellom kommunar og fylker ved fordeling av midlane.
  • Den totale størrelsen på tilskotet til kommunen gjennom ordninga.
  • Samarbeid mellom frivillig sektor og førebyggjande tenester.
  • Integrering av barn og ungdom med innvandrarbakgrunn i låginntektsfamiliar.
  • Tiltak som retter seg mot barn og ungdom som veks opp med foreldre med rusproblem/psykiske vanskar/utfordringar knytt til vald.

Slik søkjer du

  1. Les utlysingteksten nøye og sett deg inn i regelverket
  1. Logg inn, fyll ut og send inn søknaden. Du må bruke Bufdirs søknadsportal. Meir informasjon og søknadsportal

Søknadsfrist: 4. desember 2020

Etter at du har sendt inn søknaden

Kommunar i tilskotsordninga gjer ei administrativ og politisk vurdering og prioritering av søknadane   ein vurderer og prioriterer søknadane.Bufdir gjer den endelege tildelinga.

For spørsmål eller hjelp med søknaden, ta kontakt med Vivian Dyb, kommunalsjef for barn, familie og integrering.

Rapportering for tilskot 2020

Frist for å sende inn sluttrapport for søknadar innvilga i 2020 er 1. april 2021. Rapport og rekneskap skal sendes på nettsidene til Bufdir.

Til toppen