Tilskot frå Haram vindkraftfond

Tilskot frå Haram vindkraftfond

I 2023 skal det delast ut kr. 200 000,- frå Haram vindkraftfond. Eigarskapsutvalet i Ålesund kommune har vedtatt at Nordøyane kommunedelsutval gjer denne tildelinga i 2023.

Formål

Tilskot frå vindkraftfondet skal gå til samfunnsnyttige formål i dei områda som blir påverka av vindkraftverket.

Kven kan søke?

Lag, organisasjonar, foreiningar, einskildpersonar eller andre grupperingar som ligg under Nordøyane kommunedelsutval sitt geografiske område kan søke på midlane. Dette er øyane Lepsøy, Haramsøy og Flemsøy/Skuløy.

Kva kan midlane brukast til?

Midlane skal i hovudsak nyttast til ulike prosjekt som vil fremje kultur, næring og ulike fritids- og friluftstilbod. Det blir normalt ikkje gitt støtte til dagleg drift av lag og organisasjonar.

Tildelinga skal fordelast slik i år:
Kr. 100 000,- til tiltak retta mot barn og unge.
Kr. 100 000,- til næringsutvikling, frilufts, fritids- og kulturtilbod.

Korleis søke?

Søknad må skje via digitalt søknadsskjema:

Søk om midlar frå Haram vindkraftfond

Søknadsfristen er 19. april 2023

Ved spørsmål, ta kontakt med medlemmar av Nordøyane kommunedelsutval

Til toppen