Tilskotsordninga har som formål å stimulere til lokale kultur- og idrettstiltak som gir auka
aktivitet, inkludering og deltaking i nærmiljøa. Tilskotet skal også vere eit verkemiddel for å fremme felleskap og felles identitet gjennom å støtte samarbeidsprosjekt på tvers av dei tidlegare kommunegrensene.
Det kan for eksempel søkast om tilskot til etablering av ny aktivitet, kursverksemd og arrangement.
- Kurstilskot
- Etableringstilskot
- Arrangementstilskot
- Direkte tilskot
- Dekking av underskot
- Norgesmeisterskap
Tiltak for barn og unge har høg prioritet.
Vilkår for tildeling av tilskot
Frivillige lag og organisasjonar i Ålesund kommune med organisasjonsnummer i Frivilligregisteret kan søkje.
- Laga må vere demokratisk oppbygde og opne for alle til å kunne søke om medlemskap.
- Eit vilkår er også at laga må presentere tilboda som blir gitt i felles aktivitetskalender – alesund.friskus.com.
- Tilskot blir ikkje gitt til reine kommersielle tiltak og til enkeltpersonar. Heller ikkje til organisasjonar som primært driv med politisk verksemd, trussamfunn og organisasjonar som samlar inn og vidarefordeler pengar
- Det skal framgå i skriftleg (trykt og digitalt) materiale (annonse, brosjyrar, plakatar og liknande) at tiltaket er støtta av Ålesund kommune.
Kurstilskot
Tilskot kan bli gitt til deltakarar på kurs og konferansar som har som hovudmål å gi leiarar/ instruktørar eit betre grunnlag for arbeidet dei gjer innan aktivitetsområda.
Kommunen kan maksimalt dekke 50 % av dei samla utgiftene til reise, opphald og kursavgift. For lokale kurs kan det ytast tilskot på inntil kr 7 000,- pr. kurs, samla for alle deltakarane. For regionale eller landsomfattande kurs kan det ytast tilskot på inntil kr 10 000,- pr kurs, samla for alle deltakarane.
Etableringstilskot
Tilskot kan gjevast til nystarta foreiningar og lag med beløp på inntil kr 15 000,-. Etablering av idrettsskular etter Norges Idrettsforbund og Norges Olympiske komite (NIF) sine retningslinjer: kr 15 000,-
For å få slike tilskot må foreininga/laget som hovudregel ha minst 15 medlemmer og drive i Ålesund kommune. For nye idrettslag må det leggast ved dokumentasjon for opptak i NIF.
Arrangementstilskot
- Direkte tilskot. Det kan ytast direkte tilskot til særskilde arrangement.
- Dekning av underskot. Det kan gjevast dekning av underskot opptil kr 10 000,- ved arrangement. I heilt spesielle anledningar kan tilskotet aukast. Eventuelle tilskot skal utbetalast etter at revidert rekneskap føreligg.
- Norgesmeisterskap. Idrettsarrangement med formell status som gir norsk meister, der HM Kongens pokal skal delast ut, blir gitt eit tilskot på kr 30 000,-. Andre norgesmeisterskap for senior kan støttast med inntil kr 10 000,-
Søk om tilskot til rekruttering og aktivitet (digitalt skjema)
Dersom du vil fylle ut for hand, kan du skrive ut Søknad om kommunale kultur- og idrettsmidlar til rekruttering og aktivitet (PDF, 180 kB) her.
Søknader på papir kan sendast til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund.