Finn informasjon og søk på kontantkassaKontantkassa er ei tilskotsordning som skal gjere det mogeleg for alle barn og unge å delta i minst ein organisert fritidsaktivitet, uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon. Kva er kontantkassa? Kontantkassa er ei ordning, der du kan søkje om tilskot til minst ein organisert fritidsaktivitet. Ordninga gjeld for barn og unge i alderen 6-18 år i Ålesund kommune, og gjeld så langt midlane rekk. Nytta midlar kjem frå Kongsberg Maritime, Idrettskretsen og Ålesund kommune. Dei som kan søkje om tilskot er: Lag/foreining, som idrettslag, korps, kor, lokallag, kulturskule og andre. Tilsette i kommunen, som helsesjukepleiar, miljøterapeut, lærar, barneverntenesta og andre. Barnet eller familien kan ikkje søkje sjølv. Krav til søkjar Søkjaren må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå kontantkassa vil vere avgjerande for deltaking på aktiviteten eller ikkje. Det er barnet/familien sin situasjon som er avgjerande. Kontantkassa er ikkje meint som hjelp til lag og foreiningar som har utfordringar med å få inn kontingentar. Den som søkjer har ansvar for å følgje opp at barnet/ungdommen tek del i i aktiviteten det er søkt tilskot til. Vi ønskjer at det er to personar som er knytt til barnet/ungdommen som går god for søknaden. Den som søkjer skal hjelpe barnet til å hugse på å kome seg til aktiviteten. Oppfølging kan også innebere å sjekke at kontingenten er betalt eller liknande. Kva kan du søkje tilskot til? Det vert gjeve tilskot til: Kontingent/semesteravgift Turnering/cup Leir Lommepengar Utstyr for deltaking i fritidsaktivitetar Reiseutgifter til trening, t.d. busskort Kor mykje tilskot kan søkjast om? Ein kan søkje om inntil kr 2.400,- per person per år. Det er mogleg å søkje fleire gongar per år. Du må leggje ved dokumentasjon som fakturaer eller kvitteringar. Du kan søkje om tilskot på førehand. Då må du ettersende dokumentasjon. Søknad Du kan søkje om tilskot frå kontantkassa heile året ved å bruke vårt elektroniske søknadsskjema. Søk om tilskot frå kontantkassa Sjå utfyllande informasjon Om ordninga frå idrettsforbundet Kontakt Jens Arne Gjørsvik Rådgjevar idrett Send e-post Tlf: 977 14 664 Jens-Erik Nordlund Olsen Rådgjevar kultur Send e-post Tlf: 913 69 333 Ansvarleg for tenesta Kultur og fritid Sist endra 27.03.2023 09.24