Fritidskonto med billettar gir gratis tilgang til fleire aktivitetar og kulturopplevingar i Ålesund. Barn og unge mellom 6- 18 år kan få tildelt billettar via skulens helsesjukepleiar. Billetten inkluderer gratis inngang til ein person til, dette kan vere ein voksen eller venn.
Fritidskonto med billettar er eit pilotprosjekt i 2023/2024. Det er avgrensa antall billettar i ordninga, og i første omgang er det helsesjukepleiar som tildelar. Erfaringar fra ordninga blir nytta i eventuell vidareføring.
Finn din helsesjukepleiar for tildeling