Følgjekort (ledsagerbevis)

Har du fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting kan du få eit følgjekort (ledsagerbevis), som gir gratis adgang for den personen som følgjer deg til ulike arrangement. 

Følgjekortet (ledsagerbeviset) gir deg rett til å ha med følgje (ein person) som slepp å betale for billetten sin på til dømes kultur- og fritidsarrangement eller offentleg transport.

Formål

Formålet med ordninga er å førebyggja isolasjon og bidra til auka livskvalitet. Den som har ein funksjonsnedsetting som gjer at ein treng følgje for å delta på kultur- og fritidsarrangement eller nytte offentleg transportmiddel, skal med følgjekortet kunne ha med seg eit følgje, utan at den personen treng å betale for billetten. Følgjekort blir tildelt uavhengig av søkjar sin økonomi eller livssituasjon, og det er ingen øvre eller nedre aldersgrense for å få utskrive eit følgjekort.

Krav til søkjar 

  • Fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting som varer minimum 2 år
  • Eit bilete av nyare dato og god kvalitet må leggjast ved søknaden
  • Du må leggja ved uttale/dokumentasjon frå anten ein kontaktperson i kommuna/spesialist/lege/offentlig helse- og sosialetat på at du har behov for ein eller fleire følgjarar for å kunne delta på aktivitetar i fritida

Bruk

Den som er eigar av kortet betaler sjølv billett, medan den som er med som følgje, ofte går inn gratis. Men merk at det er den enkelte arrangør som bestemmer kva rabatt dei ynskjer å gi. Korthaldar vel sjølv følgjepersonen sin, og kan ha ulike følgjepersonar frå gong til gong. Vedkomande kan vere ein i familien, venner, eller personalet dersom ein bur i ein bemanna bustad.

Oversikt over stader/reiseselskap som godtek følgjekortordninga finn du her (PDF, 181 kB). Om du ser noko som manglar inne på lista, er det fint om du sender ein e-post til sjoholt.innbyggartorg@alesund.kommune.no , så får vi supplert.

Pris

Det er gratis å få følgjekort. Mistar du kortet, må du betale kroner 60,- for å få laga eit nytt.

Sjå pris for følgjekort.

Slik søkjar du

Søk følgjekort/ledsagerbevis

Dersom du har behov for hjelp, ta kontakt med innbyggartorget

Ønskjer du å få tilsendt søknadsskjemaet på papir, ta kontakt med innbyggartorget på telefon: 70 16 20 00

Det er ikkje søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande.

Varigheit på kortet

For barn vil kortet normalt bli utstedt for 3 år i gongen. For vaksne vil kortet normalt bli utstedt for minimum 2 år i gongen.

Når følgjekortet er gått ut på dato, må det sendast ny søknad. Pass på å leggja ved bilete og den dokumentasjonen som er naudsynt - sjå punktet Krav til søkjar.

Kortet er landsdekkande

Det er kommuna som behandlar søknaden og lagar til kort, men følgjekortet kan nyttast på arrangement, kulturinstitusjonar og transportselskap som aksepterer ordninga i heile landet. Du kan ta direkte kontakt med den enkelte arrangør eller verksemd for å høyre om dei aksepterer følgjekort.

Klage

Om du meiner noko i avslaget er feil, kan du i høve Forvaltningslova § 28, 2. ledd, klage på vedtaket. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg, grunngjeven og underteikna.

Klagen skal sendast til Ålesund kommune, postboks 1521, 6025 Ålesund.

Ansvarleg for tenesta