Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Bibliotek

Bibliotek

Ålesundsbiblioteka er fellesnamnet for alle folkebiblioteka i Ålesund, og består av ni lokalbibliotek, i tillegg til bybiblioteket og fengselsbiblioteket i sentrum. 

Gå inn på www.alesundbibliotek.no. Der finn du tilgang til og informasjon om dei samla ressursane til biblioteka. 

Opne kartet i nytt nettlesarvindauge

Brattvåg bibliotek

Ligg i Brattvåg og flytta i oktober 2019 inn i nye lokale i Innbyggartorget i Brattvåg. Biblioteket er samlokalisert med servicetorget der. Her er ope fem dagar i veka. 

Opningstider:
Måndag: 12.00-18.00 
Tysdag:  11.00-16.00 
Onsdag: 13.00-16.00 
Torsdag: 12.00-18.00
Fredag:  11.00-16.00
Laurdag: 11.00-14.00

Haramsøy bibliotek

Kombinasjonsbiblioteket er lokalisert på Haramsøy skule og har ope ein ettermiddag og ein kveld i veka.

Opningstider:
Tysdag: 19.00-21.00  
Fredag: 17.00-19.00

Lepsøy bibliotek

Ligg på Lepsøy skule/samfunnshuset på Kjerstad og har ope ein ettermiddag i veka.  

Opningstid:
Torsdag kl.17.00-20.00

Longva bibliotek 

Ligg i same bygg som Flem skule, ved Nordøy grendahus og har ope to ettermiddagar i veka.  

Opningstider:
Tysdag:16.30-18.30
Torsdag:18.00-20.00

Moa bibliotek 

I november 2018 opna Moa bibliotek i nye lokale på Amfi Moa Syd. Her er det også tilbod om meirope, det vil seie at ein kan bruke biblioteket utanom bemanna opningstid. Det er elles ope seks dagar i veka. 

Opningstider:
Måndag - Torsdag: (09.00) 10.00-18.00 (22.00) 
Fredag: (09.00) 10.00-16.00 (22.00)
Laurdag : (09.00) 10.00 - 15.00 (22.00) 
Søndag: (12.30-21.30)

Harøy bibliotek 

På Harøy skule har vi dette kombinasjonsbiblioteket, med opningstid tre dagar i veka.

Opningstider:
Måndag: 09.00-12.00 (skulebibliotek) og 12.00-16.00 (folkebibliotek) 
Tysdag: 09.00-12.00 (skulebibliotek) og 12.00-16.00 (folkebibliotek) 
Onsdag: 14.00-20.00 (14.00-18.00 når det er bygdekino) 
Torsdag: 09.00-12.00 (skulebibliotek) og 12.00-16.00 (folkebibliotek)  

Skodje bibliotek 

I den øvste etasjen på Gomerhuset finn du dette kombinasjonsbiblioteket, som har ope fem dagar i veka.  

Opningstider: 
Måndag: 13.00-16.00 
Tysdag: 13.00-19.00 
Onsdag: 13.00-16.00 
Torsdag: 12.00-19.00
Fredag: 12.00-16.00

Vatne bibliotek 

I den tidlegare kommunehuset i Vatne sentrum finn du biblioteket. Her er ope tre dagar i veka. 

Opningstider:
Tysdag: 16.00-19.00
Fredag: 11.00-17.00
Laurdag: 11.00-14.00

Sjøholt bibliotek 

Biblioteket er lokalisert i det tidlegare rådhuset på Sjøholt og har ope tre dagar i veka. 

Opningstider:
Måndag: 12.00-18.00
Onsdag: 12.00-16.00 
Tors: 16.00-19.00

Ålesund bibliotek 

Hovudbiblioteket ligg i lågblokka på rådhuset i sentrum av Ålesund og har ope seks dagar i veka.  

Opningstider: 
Måndag - torsdag: 10.00-19.00 
Fredag: 10.00-16.00
Laurdag: 10.00-15.00 

Ålesund bibliotek, fengselsbiblioteket 

Ligg i Ålesund fengsel og har ope to dagar i veka. 

Til toppen