Svømmehaller

Svømmehaller

Oversikt over svømmeanlegg, opningstider og utleige. 

Brattvåg svømmehall 

Svømmehallen i Brattvåg har eit basseng som er 25 m langt. Brattvåg svømmeklubb har det daglege ansvaret for aktivitetar i hallen utanom skoletid. Klubben stiller med badevakter, og driv folkebading i tillegg til eigne aktivitetar.  

Hallen blir nytta til undervisning, folkebading og idrettsaktivitet.  

Håp i havet – Finnøy 

I havgapet på Finnøy ligg eit lite, moderne badeland for velvære, trim og trening som inneheld eit hovudbasseng på 8,5 x 12,5 m, barnebasseng, boblebenk, vatnstraum, badstue, dampbad, rutsjebane og trimrom.  

Moa svømmehall 

Moa svømmehall har stor aktivitet med badeglede, trening og helse heile veka. Hallen inneheld eit hovudbasseng på 25 x 12,5 m med eigen stupe - og djupvatndel, varmebasseng med rullestolrampe, badstue og plaskedam for dei minste. Aktivitetane er td. offentleg bading, skolesvømming, fysioterapigrupper, organisert idrett, babysvøm og pensjonistbading. 

Ørskog svømmebasseng 

Svømmebassenget ligg ved Ørskog skule og er 12,5 m langt. Bassenget blir nytta til undervisning. Utleige til lag, organisasjonar og privatpersonar. Det er ikkje ordinær publikumsbading. 

Til toppen