Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Hovudnummeret til Ålesund kommune er
70 16 20 00. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 på kvardagar.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

Søk om treningstid

Søk om trenings- og arrangementstid

Fast treningstid og tid for arrangement i idrettshallar og på baner blir tildelt kvart år. Treningstid blir tildelt vekedagane. Arrangement skjer helst i helgene. 

Gjeldande praksis frå kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund blir vidareført i ein overgangsfase etter 1. januar 2020. 

Sjå oversikt over idrettshallar og baner du kan leige.

Søk om faste treningstider og tid til arrangement

Idrettshallar

  • Tildelinga følger skoleruta.
  • Søknadsfrist: 15. april for komande sesong.

Søk om trening- og arrangementstid 

Nokre hallar har eigne rutinar: 

Baner 

For Aksla stadion følger tildelinga friidrettssesongen frå midten av april til oktober. Når det gjeld fotball, blir det tildelt treningstid frå midten av mai og til midten av oktober (med atterhald om ver og baneforhold). 

Søknadsfristen er 15. mars for fast treningstid komande sesong.

Søk om å leige idrettsbane

Nokre baner har eigne rutinar:

Skolar 

Det er også råd å leige skolelokale. Der gjelder eigne reglar.

Søknadsfrist er 15. juni for fast treningstid i gymsal og skolebasseng for komande sesong.

Søk om fast leige i skolelokale 

Symjehallar 

Det er eigne rutiner for tildeling av tider i symjehallane.

Søk om enkeltarrangement

Søk om tid i hallane, på banene eller i skolelokala til enkeltarrangement, bruk Aktiv kommune. Søknadene blir behandla fortløpande.

Tildelte treningstider

Alle tildelte og ledige tider for trening og arrangement kan du sjå på Aktiv kommune.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Anna søknad om tid til trening – og enkeltarrangement bruk Aktiv kommune. www.aktivialesund.no. 

 

 

Kriterium for utleige 

Ålesund idrettsråd fastset tildelingskriteria for utleige i idrettshallar og på baner.  

Meir informasjon 

Kontaktperson: Konsulent Birgitte Flåthe Lindseth 
Telefon 70 16 24 26  
E-post: birgitte.lindseth@alesund.kommune.no

Til toppen