Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Hovudnummeret til Ålesund kommune er
70 16 20 00. Vår informasjonstelefon om korona er 70 16 40 60. Opningstider i påska er onsdag 8.8 kl. 08.30-12.00, langfredag kl. 09.30-15.30, 1. påskedag kl. 09.30-15.30. Frå tysdag 14. april blir opningstidene frå kl. 08.30-15.30.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

NAV Ålesund og naudhjelp

Gymnastikksal

Utleige av lokale på skolane

Skolane sine gymnastikksalar og symjebasseng og skolelokala generelt, er råd å få leige.

Fast leige til treningstid og øving

Det er mogleg å søke om fast trening- og øvingstid i kommunale anlegg.

  • Fast trenings- og øvingstid blir tildelt for eitt år om gongen og følger skoleruta.
  • Søknadsfristen er 15. juni.

Søk om fast trenings- og øvingstid i skolelokaler

Ved tildeling av treningstider skal grupper som driv aktivitetar for barn prioriterast. Tildeling skjer etter følgande prioritering:

  1. Den enkelte skole (inntil ein dag pr. veke til eigne aktivitetar)
  2. Skolekorps
  3. Barnegrupper under 18 år
  4. Grupper barn/ungdom over 18 år
  5. Idrettslag og liknande med aktørar over 18 år
  6. Lag/grupper som driv eigenaktivitet for vaksne (bedriftsidrettslag, private mosjonsgrupper m.v.)

Enkeltståande arrangement

Rektor/verksemdleiar tar avgjersler om enkeltutleige av gymnastikksalar, symjehallar og klasserom, og om fast utleige av klasserom. Slik utleige kan avtalast for inntil eitt skoleår om gongen.

  • Utleige følger skoleruta. Det er dermed ikkje mogleg å leige skolelokala i skoleferiane.
  • Søknader må sendast inn i god tid, og seinest fire veker før arrangementet, åtte veker ved store arrangement.
  • Behandling av søknader skjer normalt innan tre veker.

Oversikt over fasiliteter, tildelte og ledige tider for trening og arrangement kan du sjå på Aktiv kommune.

Søk om leige på Aktiv kommune

Til toppen