Saman skaper vi tryggleik

Saman skaper vi tryggleik

Natteramnane har lang tradisjon i Ålesund, og er kjende i bybildet laurdagskveldar og i samband med russetid og festivalar. Natteramnane er frivillige som ønsker å bidra til at ungdom skal vere trygge der dei ferdast på kveld og natt.

Som natteramn får ein moglegheit til å få innblikk i sine barn og deira venner eller klassekameratar si verd utanfor heimen, og ein får kjennskap til kva ungdommen er opptatt av. Det er ikkje berre foreldre som er natteramn, alle over 25 år kan vere med. Å ha natteramnar i bybildet er i seg sjølv førebyggande. Synlegheita deira kan dempe situasjonar som elles kunne ha eskalert, utan at dei treng å gripe inn. Natteramnane er medmenneske, og spelar ei heilt anna rolle enn politi og naudetatar. 

Kort om det å vere natteramn

  • Natteramnane går alltid i grupper på minst tre personar
  • Ein må vere over 25 år
  • I Ålesund har vi natteramnvandringar i helgar frå rundt klokka 23.00 – 03.00. I tillegg har vi vandringar ved større arrangement og merkedagar
  • Dette er eit frivillig oppdrag, og ein bestemmer sjølv kor ofte ein er med på vandring
  • I løpet av vandringa får ein nattmat på ein restaurant eller eit hotell i sentrum
  • Natteramnar er ikkje ei erstatning for politi, vektarar eller helsepersonell
  • Natteramnane si rolle er å observere og tilkalle hjelp dersom det er nødvendig, ein har eit tett samarbeid med politiet

Bli natteramn

Du kan melde deg som Natteramn via aktivitetskalenderen Friskus:

Meld deg som natteramn

Sjå også

Du kan lese meir om Natteramn-ordninga på nettsida www.natteravn.no 

Kontakt

Ålesund frivilligsentral

Ansvarleg for tenesta

 

Til toppen