Startar arbeidet med frivilligplan i Ålesund kommune

Startar arbeidet med frivilligplan i Ålesund kommune

Som ein av mange aktiviteter i Frivillighetens år 2022 skal Ålesund kommune utarbeide ein frivilligplan. Dette skal vere kommunen sitt rammeverk for samhandling med frivillig sektor i framtida, fortel Siv Ulla i Ålesund kommune.Illustrasjonsfoto av flere som holder hender - Klikk for stort bilete Unsplash / Hannah Busing  

- Vegen framover vil vi legge i lag med frivillig sektor og befolkninga og med fleire dialogmøter. I møta vil vi vite om folk har tankar om korleis Ålesund kommune kan vere ein god samarbeidspartnar for frivilligheita? Om gode forslag til tiltak som kan setjast i gang eller som kan betre kommunikasjon mellom kommunen og lag og foreiningar?

For å markere starten på arbeidet inviterer vi til KICK OFF og eit stort dialogmøte i Bystyresalen torsdag 12. mai kl. 18.00 - 20.00.

Dette vil vere det første av mange dialogmøter i heile kommunen, og Ulla håper at mange vil vere med i arbeidet med å gjere Ålesund til ein enda betre plass å bu.

Fleire møteplassar

23. mai kl.17.00 – Harøya, nærmiljøkafeen på Sandøytunet

24. mai kl.18.00 – Brattvåg, på tenestehuset i kantina 2.etg

1. juni kl.18.00 – Skodje, på rådhuset

8. juni kl.19.00 – Sjøholt, frivilligsentralen

Kan du ikkje møte fysisk, men har innspel?

Send dei til oss

Meir informasjon?

Sjå arrangement i Friskus.

Til toppen