Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Friskus

Friskus

Vil du gjere ein innsats for andre? Å jobbe som frivillig er meiningsfullt, kjekt, sosialt og kompetansegivande.

Bli frivillig

Kven kan vere frivillig?

  • Du som vil bruke fritida di til å hjelpe andre
  • Du som har blitt pensjonist og synest dagane blir litt lange
  • Du som er ung og vil auke livserfaringa di gjennom kontakt med andre menneske
  • Du som er arbeidssøkar og ønsker å gjere noko positivt i ei vanskeleg jobbsøkingstid
  • Du som ønsker å vere eit medmenneske

Friskus – ein digital møteplass for aktivitet og frivillig innsats for alle

Friskus er ein aktvitetskalender med spennande arrangement og frivillige oppdrag i nært der du bur. Kalenderen gir deg som innbyggar høve til å filtrere både på interesse og stad.

Friskus er ein digital aktivitetskalender for det som skjer i Ålesund kommune – samla på ein stad. Den er gratis og kan brukast av alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen. Friskus kan også brukast for å rekruttere frivillige og for deg som ønsker å vere frivillig.

Aktivitetskalenderen gir deg ei oppdatert oversikt over arrangement og frivillige oppdrag i nærmiljøet ditt. Du vel sjølv om du vil melde deg på eller berre få informasjon om når og kvar ting skjer.

Friskus – oversikt over aktivitetar i Ålesund kommune

Bli med i Friskus du også!

Med din eigen Friskusprofil kan du melde deg på arrangement og frivillige oppdrag. Du opprettar profil på følgande måte:

  1. Gå inn på www.alesund.friskus.com
  2. Trykk på «Ny bruker» oppe til høgre og legg inn mobilnummeret ditt og «registrer». Så fyller du ut dine opplysningar og du er i gong!

Korleis kan lag og organisasjonar ta i bruk Friskus?

På Friskus kan ein vise fram aktivitetar, koordinere og rekruttere – alt på ein stad, saman med andre. Det er enkelt å opprette brukar:

  1. Gå inn på www.alesund.friskus.com
  2. Trykk på «Bli arrangør» i menylinja oppe til venstre på sida. Fyll ut opplysningar om laget/organisasjonen og du er i gong!

Tenesta er gratis og fri for reklame.

Til toppen