Her er nokre tips om kvar det er tilrettelagt for trening utandørs.
Det er vel berre fantasien som set grenser for kvar ein kan trene utandørs. Idrettsbaner, parkar og turstiar er veleigna. I tillegg er det nokre stadar plassert ut trimutstyr, slik som:
- Tueneset trimpark
Tilrettelagt trening i friluft for alle, der ein enkelt kan tilpasse treninga til sitt nivå. Lokalisert ved Tuehuken ute på sjølve Tueneset.
- Akslatunet trimpark
På byfjellet Aksla, ved dammane, er det treningsapparat for styrketrening til fri bruk. Apparata er tilpassa på ein slik måte at absolutt alle skal kunne utføre alle grunnleggande øvingar uavhengig av treningsbakgrunn, kjønn, alder, høgde og andre føresetnader.
- Lillevannet trimpark, Spjelkavik
Her er det ein Tuftepark, eit konsept for eigentrening som er sett saman av 10 apparat.
- Måsøyra aktivitetspark
På Sjøholt er det ein flott samlingsstad for heile familien, med ei fantastisk utsikt og rom for trening og leik. Med treningsapparat, balanse- og aktivitetsapparat og utemøblar.
Sist endra20.07.2020 13.22