Testing for koronavirus

Test deg om du er i ei risikogruppe og får luftvegssymtomar. Rådet ved nyoppståtte luftveissymptomer er å halda seg heime når man føler seg syk, uavhengig av årsak.

Helsedirektoratet oppmodar personar over 80 år med luftvegssymptom og andre i risikogrupper om å teste seg for korona. Er testen positiv kan du kontakte fastlege, som vurderar om du er aktuell for behandling.

Her er råda som gjeld no og kva du skal gjere

  1. Har du høg risiko for å utvikle alvorleg koronasjukdom bør du teste deg sjølv kvar dag i fire dagar om du får luftvegssymptom.  
  2. Ved positivt resultat eller forverring av symptom, bør du kontakte fastlegen.  
  3. Det er legen som vurderar om du skal få behandling med Paxlovid. Den kan dempe sjukdomsutvikling hos personar med høg risiko for alvorleg koronasjukdom.  

Desse skal teste seg med sjølvtest ved symptom

Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona om:

  • Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
  • Du er over 80 år
  • Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksine dei siste seks månadene og du har ein alvorleg kronisk sjukdom.

Sjukdommar som gjev høgare risiko for å bli alvorleg sjuk av korona:

  • Aktiv kreftsjukdom eller pågåande eller nyleg behandla mot kreftsjukdom
  • Alvorleg hjarte- eller lungesjukdom
  • Dårleg regulert diabetes
  • Alvorleg overvekt – kroppsmasseindeks høgare enn 35
  • Kronisk nevrologisk sjukdom med betydeleg nedsatt funksjon
  • Alvorleg psykisk sjukdom, spesielt alvorleg schizofreni
  • Alvorleg demens
  • Downs syndrom

>Om du er over 50 år og aldri har tatt vaksine, har du og auka risiko. 

Kommunen tilbyr for øyeblikket ikke gratis hurtigtester. 

Kven skal du kontakte om du lurar på noko?