Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Varsling om korrupsjon, misligheter og andre lovbrudd

Varsling om korrupsjon, misleghald og andre lovbrot

Varsling er å si frå om kritikkverdige forhold til nokon som kan gjere nok med saka. Det kan vere bot på rettsreglar, skriftlege etiske retningslinjer, og normer som det er brei oppslutning til i samfunnet. 

Varslingsordninga skal gjere det enkelt og trygt å varsle om korrupsjon, misleghald og andre lovbot i Ålesund kommune, eller mot Ålesund kommune.

Kva kan det varslast om?

Med kritikkverdige forhold meines forhold som er i strid med rettsreglar, skriftlege etiske retningslinjer i verksemda, eller etiske normer som det er brei oppslutning om i samfunnet.

Dette kan vere forhold som innebærer:

  1. fare for liv eller helse
  2. fare for klima eller miljø
  3. korrupsjon eller annen økonomisk kriminalitet
  4. misbruk frå styresmaktene
  5. uforsvarleg arbeidsmiljø
  6. brot på personopplysningstryggleiken 

Følgande går ikkje inn under varslingsordninga

  • Ytringar om forhold som kun gjelder arbeidstakaren sitt eget arbeidsforhold, vert ikkje regna som varsling, jf. aml. § 2A-1 (3), med mindre forholdet omfattes av punktene over.
  • Som regel vil heller ikkje arbeidsmiljøsaker og HMS-avvik regnast som varsling etter arbeidsmiljølova sine bestemmelser. Slike saker bør normalt handterast gjennom ordinære HMS-prosessar i verksemdene. Dette med mindre forholdet vert omfatta av punkta over.
  • Ytringer om forhold som er allment kjend.
  • Kritiske ytringar, som fagleg eller politisk usemje.
  • Klage på vedtak eller tjenester er ikkje omfatta av ordningen. Klage på enkeltvedtak må rettast til den tenestestaden som fatta vedtaket innan klagefristen. Tjenestaden kan hjelpe deg med å skrive klaga. Dersom du opplev feil eller manglar ved ei teneste du mottar, må du kontakte verksemda som gir tenesta. Det same gjeld for andre avgjerder i konkrete saker der det er etablerte klageordningar.
  • Bekymringsmeldingar knytta til omsorgssvikt, rus, vold, incest eller seksuelle overgrep
  • Problem med vatn
  • Hull i vegen, gatelys, forsøpling, skilt, vedlikehald, brøyting eller strøing

Falske anklager

Varslingsordninga skal ikkje nyttast til overlagte falske anklager mot personAr, og det må ikkje med overlegg bli gitt usanne opplysningar. 

Kven kan varsle?

Varsel frå tilsette / innleide i Ålesund kommune

Tilsette har lovbestemt rett til å varsle om kritikkverdige forhold i verksemda i høve til arbeidsmiljølova kapittel 2a. Det same gjelder for innleid arbeidstakar som har rett til å varsle om kritikkverdige forhold i verksemda dei er leigd inn til.

Varsel frå eksterne informanter

Ålesund kommune si varslingsordning er òg open for varsel frå eksterne informantar som innbyggarar, leverandørar osv. Det er spesielt ønskeleg at varslingsordninga vert nytta ved opplysninger om korrupsjon eller anna økonomisk kriminalitet.

Slik varsler du

Det er ønskeleg at alle tilsette og/eller eksterne informantar, varsler om kritikkverdige forhold, dersom dei er kjend med dette. Varslingen skal være forsvarleg.

Varsle om uønska hending

Til toppen