Kommunestyret gjorde 12.12.2019 eit målvedtak for den nye kommunen som vart slått saman av fem tidlegare kommunar (Sandøy, Haram, Ørskog, Skodje og Ålesund).
Ålesund er ein nynorskkommune. Det betyr at nynorsk skal nyttast i utforminga av internett- og intranettsidene, informasjonsmateriell, kunngjeringar, lokale forskrifter, reglement og retningsliner, samt fellesinformasjon frå kommunen til innbyggarane.
Hovudregelen er nynorsk
Vedtaket sa også at det skulle lagast ein språkbruksplan, som skal regulere bruken av både bokmål og nynorsk i kommunal samanheng. Språkbruksplan for Ålesund kommune (PDF, 341 kB) blei endeleg vedtatt 3. desember 2020. I språkbruksplanen står det opplista i kva høve kommunalt tilsette skal bruke nynorsk og når dei kan velje mellom nynorsk og bokmål.
Språklova forpliktar det offentlege
Mållova blei 1. januar 2022 erstatta av Lov om språk (språklova). Denne lova gjeld først og fremst krav til staten og fylkeskommunar. Nokre av paragrafane gjeld også kommunar.
Ålesund har valt nynorsk, og då er statsorgana forplikta til å skrive på nynorsk til kommunen.
Kommunen og dine rettar
Skriftspråk som Ålesund kommune brukar internt og eksternt er regulert i språkbruksplanen. Det er for eksempel ikkje slik at innbyggarane kan reservere seg mot informasjon på nynorsk.
I samsvar med både språkbruksplanen og språklova er det likevel slik at du som skriv til kommunen har krav på svar på det same skriftspråket du sjølv har brukt i brevet. Det gjeld anten du brukar bokmål eller nynorsk.
Språket privat og på den lokale skulen
Vanlege innbyggarar kan naturleg nok bruke det skriftspråket dei til ei kvar tid har lyst å bruke.
Verken målvedtaket eller planen bestemmer noko om opplæringsspråket i skulen. Dette blir avgjort på anna vis. Skular held fram med det språket som er valt for den enkelte skulen. Dersom det i nærmiljøa kjem initiativ til å endre kva skriftspråk ein skule skal bruke, må saka behandlast politisk og avgjerast endeleg i kommunestyret.