Stiftelsar

Stiftelsar

Oversikt over stiftelsar som Ålesund kommune er med i.

Hva er ein stiftelse?

Med stiftelse er det meint ein formuesverdi som ved testament, gåve eller annan rettsleg disposisjon sjøvstendig er stilt til rådigheit for eit bestemt føremål.

Stiftelse som selskapsform, er eit nærmast evigvarande prosjekt. Dette fordi stiftelsar eig seg sjølv, og det er ein lang prosess ved endring og oppløysing.

Stiftelsar er regulert ved ei eiga lov om stiftelsar, og det er også eit eige stiftelsestilsyn som ser til at loven og stiftelsen sine vedtekter blir etterlevd. Ein stiftelse er sjølveigande, og når stiftelsen er oppretta, har ikkje stiftarane rådigheit over formuesverdiane i stiftelsen.

Stiftelse er ei veleigna eigarform der ein skal ha løyst bestemte oppgåver som ein ønsker å halde utanom den øvrige organisasjonen. Sidan stiftelsen ikkje har eigarar, kan ikkje kommunen øve innverknad gjennom eigarskapet sitt. Men indirekte påverknad kan skje gjennom vedtektene, for eksempel ved å regulere kven som har myndigheit til å oppnemne medlemmer og varamedlemmer til styret.

Styret er øvste organ i stiftelsen og forvaltninga av stiftelsen høyrer under styret. Styret skal sørge for at stiftelsen sine formål blir ivaretatt og at utdelingar, dersom dette er aktuelt, blir gjort i samsvar med vedtektene. Styret skal sjå til at rekneskap og formuesforvaltning er gjenstand for betryggande kontroll. Det er styret som tilset dagleg leiar.

Det er kompliserte reglar for å avvikle ein stiftelse.

Stiftelsar som Ålesund kommune er med i

Ålesund kommune har vore med når fleire stiftelsar, som arbeider med kulturaktivitet i kommunen og i regionen, har blitt oppretta. Det er også oppretta bustadstiftelsar. Privat bustadstiftelse er også med i kommunen sin portefølje. Denne eigarforma vil nok ikkje vere å anbefale for nye prosjekt. Oversikt under viser kva for stiftelsar kommunen er deltakar i på forskjellige måtar.

  • Stiftelsen Odd Fellow aldersboliger
  • Stiftelsen Ålesund Utleieboliger
  • Ellingsøy boligstiftelse
  • Stiftelsen Kulturkvaltalet
  • Stiftelsen Atlanterhavsparken
  • Stiftelsen Sunnmøre Museum

Sjå også stiftelsesregistrert der du også vil finne vedtektene.

Til toppen