Interkommunale samarbeid

Interkommunale samarbeid

Ålesund kommunes deltaking i interkommunalt samarbeid, vedtekter og eigarandel.

Kort fortalt:

eKommune Sunnmøre

Samarbeid mellom kommunane: Fjord, Giske, Sula og Ålesund  

eKommune Sunnmøre er eit Offentleg – Offentleg samarbeid om IKT og digitalisering, dette er regulert etter forskrift om offentleg innkjøp § 3-3.   

eKommune samarbeidet vart etablert i 2013, men då i ei anna samarbeidsform. Den nye samarbeidsforma vart formalisert i kommunestyra i 2020.   

IKT-samarbeidet har som overordna mål å bidra til at kommunane er blant dei beste til å løyse oppgåver knytt til IKT-drift, fagutvikling, digitalisering og innovasjon på ein kostnadseffektiv og sikker måte.   

Samarbeidet skal bidra til gevinstrealisering, synergieffekt, prosessforbetring og saumlause digitale tenester.  Gjennom samarbeid skal det leggast til rette for at innbyggarane skal få betre tenester på tvers av kommunegrenser.  

Samarbeidet er delt inn i to samarbeidsområde: «IKT-drift» og «IKT og digitalisering innan fagområda».  

Eigarandel: 100%

Ålesundregionens Havnevesen

I tillegg samarbeider Ålesund kommune med/om følgande

  • Advokattenester innan barnevern
  • Arkiv – Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal (også personvernombod)
  • Beredskap mot akutt forureining (IUA)
  • Brann – interkommunalt brannvernsamarbeid
  • Sunnmøre friluftsråd
  • Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre
  • Krisesenter på Sunnmøre
  • Landbruk – Nordre Sunnmøre Landbrukskontor
  • Legevakt – interkommunal
  • Overgrepsmottak – interkommunalt
  • Vannverket i Ålesund Kommune
  • ALV Møre og Romsdal
Til toppen