Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Målform

Målform

Ålesund kommune og nynorsk.

Ålesund kommune er ein nynorsk kommune.  Det betyr at nynorsk skal nyttast i utforminga av internettsidene, informasjonsmateriell, kunngjeringar, lokale forskrifter, reglement og retningsliner, samt fellesinformasjon frå kommunen til innbyggarane.

Innbyggarane kan ikkje reservere seg mot informasjon på nynorsk.  Mange trur at  «Lov om målbruk i offentleg teneste» (mållova) også gjeld kommunane. Dette er ikkje rett. Mållova regulerer staten sine plikter i målarbeidet.

Alle som skriv til kommunen har krav på svar på den same målforma dei sjølve har brukt i brevet. Dersom kommunen ikkje kjenner til språkønsket, står kommunen fritt i val av språkform, jamfør staten si praktisering av mållova §6.

Ålesund kommune har vedtatt ein eigen språkbruksplan. (PDF, 858 kB)

Kommunestyret vedtok språkbruksplanen i møtet 3. desember 2020.

Til toppen