Faktura til Ålesund kommune

Ålesund kommune avviser og returnerer fakturaer som ikkje tilfredsstillar kommunen sitt krav til innhald, format, merking og betalingsbetingelsar. Dersom faktura manglar riktig merking, vil den stoppe opp og lede til forseinka betaling til leverandør.

Slik merkast og sendast fakturaer til Ålesund kommune

Leverandørar må følgje desse kriteria ved merking og innsending av faktura til kommunen og kommunale føretak:

Send faktura elektronisk i EHF-format

Alle fakturaer skal sendast elektronisk i EHF-format. For elektronisk adresse, sjå tabellen nedanfor:

Foretak - organisasjonsnummer og elektronisk adresse
Organisasjon Organisasjonsnummer Elektronisk adresse
Ålesund kommune (fra 01.01.2024) 929 911 709 0192:929911709
Ålesund kommunale eigedom KF 986 074 988 0192:986074988
Ålesund brannvesen KF 987 780 657 0192: 987780567
Møre og Romsdal 110-sentral KF 988 380 504 0192: 988380504
Ingebrikt Davik-huset 989 434 306 0192: 989434306
Ålesund kommune ( til 31.12.2023) 920 415 288 0192:920415288

Fakturareferanse

Faktura skal merkast med referansenummer. Her finn du liste over alle avdelinger med tilhøyrande referansenummer.

  • Referansenummer skal plasserast i feltet Deres ref.
  • På EHF-fakturaen visast feltet som Invoice/Buyer Reference.
  • I XML-filen visast AccountingCustomerParty/Party/Contact/ID
  • Merk at feltet IKKJE skal innehalde tekst, berre eit 6 sifra referansenummer.

 

Fakturaadresse og leveringsadresse

Fakturaadresse til Ålesund kommune er:

Ålesund kommune
Fakturamottak, Postboks 1521
6025 ÅLESUND

Oppgi også leveringsadresse og namn på bestiller på faktura.

30 dagar betalingsfrist på fakturaer

Det skal vere 30 dagar betalingsfrist på fakturaer til Ålesund kommune.

Korrigering/Kreditnota

Ved korrigering av faktura etter utsending, skal det utstedast ein kreditnota og ein ny korrekt faktura etter gjeldande krav og digital flyt, som beskrive over. Hugs å oppgi opprinnelig fakturanummer som skal krediteres.

Purringar

Purringar skal sendes elektronisk som EHF.

Bedrifter utan eige fakturasystem

Mange små og mellomstore bedrifter har ikkje eigne fakturasystem som kan produsere elektronisk faktura. Alternativa er å registrere faktura i ein nettbasert fakturaportal eller via eigen nettbank.

På anskaffelser.no finn du ein oversikt over Fakturasystemer som kan levere Elektronisk handelsformat (EHF) | Anskaffelser.no

Kontaktinformasjon

Spørsmål rundt faktura skal rettast til: fakturamottak@alesund.kommune.no