Digital post frå kommunen

Ålesund kommune sender ut post digitalt til privatpersonar og verksemder. Post til privatpersonar blir sendt til valt digital postkasse eller Altinn. Post til verksemder sendast til Altinn.

Kort fortalt

  • Skaff deg ei digital postkasse!
  • Dette er sikkert og enkelt for deg, billegare for kommunen og bra for miljøet.
  • Kommunen ønsker å sende meir post digitalt til innbyggarane

For privatpersonar

Privatpersonar kan velje Digipost eller e-Boks som digital postkasse. Dersom du vel digital postkasse, så seier du ja til at post berre skal sendast digitalt til deg, og posten vil ikkje bli sendt til deg på papir.

Dersom du ikkje har valt ei digital postkasse, så vil posten frå Ålesund kommune bli sendt til Altinn. Om posten ikkje blir lest innan to døgn, vil den bli sendt som papirpost til deg.

Dersom du ønsker å reservere deg mot digital post, kan du gjere det på norge.no/nb/digital-borgar/reservasjon. Reservasjon gjeld berre for privatpersonar.

For næringslivet og organisasjonar

Verksemder får berre digital post i Altinn. Verksemder som er registrerte i Einingsregisteret har ikkje moglegheit til å reservere seg mot digital post.

Verksemda får varsling på SMS eller e-post om at det ligg brev frå Ålesund kommune i innboksen i Altinn. Varslinga blir sendt til varslingsadressa som er registrert i verksemda sin einingsprofil i Altinn. Det er viktig at varslingsadressa er oppdatert. Les om varslingsadresse hos Altinn her.

Har du fått varsel om brev frå Ålesund kommune i Altinn, men finn ikkje noko i innboksen? Årsaken kan vere at du ikkje har tilgang til å lese post frå kommunene. Du må då få delegert tilgang til tenesta "Lese SvarUt - post fra kommunen" i Altinn. Meir om delegering av tilgang i Altinn her.

Treng du hjelp til innlogging, navigering, delegering eller anna knytt til bruk av Altinn, kan du kontakte Altinn brukarservice.

Digital signering

Ålesund kommune sender ut arbeidsavtalar og enkelte andre dokument til digital signering. Dersom du har fått varsel om eit signeringsoppdrag frå Ålesund kommune, så kan du gå direkte inn på Posten si signeringsløysing (signering.posten.no) og logge inn oppe i høgre hjørne.